Tore Strømøy var minst like engasjerande på scena som på tv. Foto: Mona Terjesen
Tore Strømøy var minst like engasjerande på scena som på tv. Foto: Mona Terjesen

Morosamt og gripande av «Tore på sporet»

Det var både problem med lyden og teknikken då Tore Strømøy gjesta Tysværtunet laurdag kveld. Men den rutinerte programleiaren tok utfordringane på strak arm, og det blei eit svært vellykka show.

«Mye mer enn ett tv-program» var tittelen på framsyninga til «Tore på sporet». Og det kan nok alle som var tilstades på laurdag skrive under på at det populære fjernsynsprogrammet var.
Tore Strømøy delte mange fortellingar frå glanstida, både gjennom bilde, film og muntleg. Mest av det me sjåarar aldri har fått oppleve. Alle historiene og den magiske reisa i tid, rom og følelsar blei servert. Og salen satt klistra. Ein kunne høyrt ei knappenål falle i golvet då heile Noregs sporhund fortalte.

Nært forhold
Den folkekjære programleiaren, journalisten, programskaparen og underhaldaren frå Frøya har blitt kåra til «Årets tv-namn» heile fire gonger. Ein rekord som ingen per i dag har slått. «Tore på sporet» blei ein institusjon i Norge frå 1996 til 2009. Kvar helg benka tv-sjåarar seg framfor fjernsynet for å sjå Tore gjenforeine familiar. Så nært forhold fekk folk til programleiaren at dei til slutt trudde han heiter «Tore på sporet».
– Det er ikkje så mange som veit kven Tore Strømøy er. Veldig mange trur eg heiter «Tore på sporet». Ein gong ringte ei dame frå Nord-Norge meg og spurte etter Tore på Sporet. Eg svara; ja, dette er han Tore Strømøy. Då svara dama; Men kva tid kjem han heim sjølv da?, fortalte han frå scena. Og salen lo hjarteleg.

Det blei mykje latter i storsalen laurdag kveld, men det blei også ein del tårer i augekroken. Særleg då Tore Strømøy viste klipp frå gripande gjenforeiningar…

Les meir i papirutgåva på torsdag.