Lova er klar, kastar du søppel andre stader enn i søppeldunkane dine, så blir du straffa. Bøter på rundt 10.000 kroner er vanleg, og i nokre tilfelle kan det også føre til fengselsstraff. Og då snakkar me alt frå tre månadar til fem år!
– Det kjem an på kva ein dumpar. Om det er giftig avfall, om det blir kasta i naturen, og om det er til stor sjenanse for andre… alt dette speler inn, forklarar lensmann i Tysvær, Racin Tjøsvoll.
Fare for andre
I forureiningslova står det at den som forsettleg eller uaktsamt forureinar i strid med lova, blir straffa med bøter eller fengsel inntil tre månadar – eller begge deler. I tilfelle der forsøplinga er til skade eller ulempe for naturen og omgivnadane kan straffa bli to år. Og om det også er fare for menneskeliv eller helse, så kan ein få heller fem års fengsel.
LES HEILE SAKA I PAPIRAVISA