– Kva er det med Haugesund?

Så er det på ann igjen. Haugesund vil samarbeide og slå saman kommunar. Dei vil ha eit betre tenestetilbod og vil stå samla mot resten av «røkla».

Det høyrest alltid så fint ut og målsettinga bær preg av at saman er ein sterke, i alle fall sterkare.

Nokre stader vil ei kommunesamanslåing fungere, og ein vil komme både samla og styrkja ut. Det er eg tvilande til er tilfelle for vår region sjølv om det geografiske kartet kan virke forlokkande med ein storkommune mellom Bergen og Stavanger. Likevel må det vere lov for oss utanfrå å stille spørsmål om kva haugesundarane eigentleg vil oppnå.

I ein region kor bygd og by så til dei grader står steilt opp mot kvarandre og kor dei to store, Karmøy og Haugesund, tradisjonelt ikkje kan bli einige om noko, er det vanskeleg å ha tru på at ein ny storkommuneadministrasjon plassert i Haugesund vil ha særlig tanke for det lokale initiativet i bygdene. Muleg der er forlokkande å skryte av større budsjetter og fleire innbyggjarar når ordførarane samlast, men her må ein stoppe opp og sjå kva verdiar ein vil slåss for på Haugalandet i åra som kjem.

Både Karmøy, Vindafjord, Haugesund og Tysvær er bygd opp rundt kjerneverksemder som direkte grip inn i kvardagen vår. Ut frå dei har ein bygd opp infrastrukturar kor lokalt engasjement og lokalpolitikk har gitt oss det Haugalandet som me ser i dag.

Til saman har dette skapt ein region i vekst, ein region kor ein i den eine enden har gigantar som Hydro, Aibel, Statoil og Westcon. I den andre enden av skalaen har ein levande bygder som slåss for skulen sin, sine sjukeheimar og sine fritidstilbod. Det er dette totalbilete som gjer oss unike og det er dette totalbilete eg er redd for vil vaskast ut om Haugalandet kommune blir ein realitet med vyar og planar om å bli eit maktsentrum på Vestlandet.

Det har dei siste åra dukka opp fleire forum som skal slåss for vår region. Dei slepp ofte til med store planar og idear om korleis Haugalandet burde sett ut. Det er lette løysingar på både korleis ein skal lokke til seg allereie etablerte miljø på sørsida av fjorden, berre ein får på plass Rogfast. Det er ikkje minst like lette løysingar på kor mykje makt me skal få om me berre slår oss saman. Eg ser ikkje at dei har like mykje engasjement om korleis dei vil ha småbygdene, lokalpatriotane og dei som styrer i småkommunane med på laget. Eg trur nemleg dette ikkje handlar om lagspel, men om å styre ovanfrå og ned.

Difor trur eg våre politikarar skal tenkje på kva dei har, kva dei vil ha og korleis ein skal møte utfordringane frå storebror i vest, uansett kva parti dei representerer. Ikkje det at Tysvær for ein kvar pris skal seie nei til samarbeid, men dei skal, og må tørre å stille krav. Det har me all grunn til.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør