Laget sprang åtte etapper à 200 m. Etter å ha vunne den lokale stafetten som i år gjekk i Haraldsvang fekk dei tilbud om å delta i Rogalandsfinalen i Sandnes, mot at foreldrene besørga transport. Med eit så sterkt lag kunne me ikkje la sjansen gå i frå oss, og sidan heile laget kunne stille var det berre å stille opp.
Laget låg midt i feltet etter første veksling, og i dei neste etappene henta dei inn lag etter lag til dei så låg på førsteplass. Denne ledelsen haldt dei nesten heilt i mål, der ein spurtsterk konkurrent slo Førre-elevane på målstreken. Skuffelsen var umiddelbart stor, men når dei fekk summa seg litt innsåg også dei at dette var ein stor prestasjon.
Me foreldrene som var med syns dette var veldig kjekt, og var veldig glad for at me fekk organisert dette:)
På vegne av foreldrene,
Mvh/Anna Hegrenes