Tysvær kommune er hamna i ein vanskeleg situasjon. Fleire meiner at det har me berre godt av, men slikt «flås» bør ikkje politikarane våre henge seg opp i. At ein kommune gjennom god planlegging har sikra seg ein skatt, kan ikkje kallast flaks.
Nå har bølgene frå årets statsbudsjett begynt å flate litt ut, hovudet er på veg over vasskanten igjen og det er på tide å trekke pusten. Men det er langt til land og det er berre å begynne å svømme. For sjølv om Tysvær dei ti siste åra har vist eksemplarisk vilje til å spare, er det nå alvoret begynner. Kor mykje drifta av kommunen med rundt 11.000 innbyggarar vil koste i framtida, kjem an på gode planar og prosessar. Dei må starte nå. Eller for å seie det meir korrekt. Dei me halde fram endå sterkare enn før.
Om ein les budsjettforslaget som skal opp til avstemming i desember så er det ikkje nemnt verken skular eller sjukeheimar som skal leggast ned. Men ein les lett mellom linjene at det kjem om ikkje lenge. Ein kan ikkje forsvare økonomisk dagens struktur, og dermed vil ikkje politikarane ha andre val i framtida, enn å gjere drastiske kutt.
Det er ikkje lett å spørje spesielt lokale representantar frå Høgre og Frp kva dei meiner om statsbudsjettet. For dei veit at den jobben som skal gjerast nå for å halde oppe positive og trivelege Tysvær, har ein pris. Eg trur ingen av dei sit heime og jublar over det som blei lagt fram. Nå har rett nok Frp i sitt alternative budsjett hinta om at all eigedomskatt i Tysvær bør takast vekk. Eg ser ikkje korleis dei har tenkt å hente inn att alle dei millionane som då forsvinn. Eg er også usikker på om Frp sitt forslag til budsjett blir godkjent. I følge dei fakta me har funne i kommunelova så manglar det mykje på det.
Eigentleg er det berre trist at ikkje Frp kompletterer det felles budsjettforslaget som nå ligg på bordet.
Partia i Tysvær seier i det forslaget at; ja, me har fått ei utfordring. Ja, me skal løyse den og ja, me skal gjere det saman. Det lagspelet bør Frp melde seg på med ein gong.
Politikarane i Tysvær har fått ei rekkje utfordringar som gjer at kvar krone dei vil bruke må gi gevinst, og kvar krone dei skal spare må ha ein effekt. Det kjem til å hagle med spørsmål frå Nedstrand, søre-Tysvær, Aksdal og Frakkagjerd. Alle dei som er valt inn frå Skjoldastraumen og Grinde har også mange spørsmål. I tillegg kjem dei til å få mange tøffe utfordringar.
Kampen for «nye» Tysvær startar med årets budsjett. Det er eit budsjett som varslar at ein tar dette på alvor.
Heldigvis.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør