Merethe Kronstad Johnsen tok pilotutdanning og arbeider nå som instruktør. Foto: Privat
Merethe Kronstad Johnsen tok pilotutdanning og arbeider nå som instruktør. Foto: Privat

Karriere mellom skyene

Merethe Kronstad Johnsen tok pilotutdanning ved Pilot Flight Academy i Sandefjord. Nå jobbar ho som instruktør der, og har det ho omtalar som verdas finaste utsikt frå kontoret.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust

UTDANNING: – Eg har alltid synst det har vore kjekt å fly, og vore fascinert av flyging. Men det var ikkje før på ein tur til London i ein alder av 18 år at tanken om kor kult det faktisk hadde vore å vere pilot slo meg, seier Kronstad Johnsen.
Nå trivst 25-åringen svært godt med å store delar av arbeidsdagane mange tusen fot over bakken.

Variert arbeidskvardag
Merethe Kronstad Johnsen gler seg til å gå på jobb kvar dag, og synst det er spennande å få lære i frå seg det ho sjølv har lært under pilotutdanninga.
– Det beste med jobben er at eg har det utruleg kjekt på jobb, og at ingen dagar er like. Eg får treffe mange forskjellige mennesketypar og lære vidare det eg kan. Eg har også verdas finaste utsikt frå kontoret. Eg gler meg til å gå på jobb, seier flyinstruktøren.
Ho synst det er spennande å finne ulike måtar å lære i frå seg det ho sjølv har lært til elevane.
– Elevane er ulike og lærer på kvar sin måte. Ein legg mange timar og stoltheit i arbeidet for at elevane skal få ei solid og trygg utdanning, seier ho.
Kronstad Johnsen fortel at kvar arbeidsdag krev svært god førebuing og planlegging.
– Me må sjekke vêrforhold, berekne take-off og landingsdistansar og anna relevant informasjon for det ein skal gjere. Ein flyleksjon med elev startar med briefing, der ein går gjennom kva me skal gjere på leksjonen og korleis det skal utførast. Så drar me ut og flyr, og avsluttar med briefing der me går gjennom leksjonen. Der får eleven også tilbakemeldingar på kva som var bra, og kva me må jobbe meir med, fortel ho.

Teoretisk og praktisk utdanning
Det er mykje ein skal lære under pilotutdanninga, og Merethe Kronstad Johnsen synst sjølv at utdanninga var både utfordrande og kjekk. Utdanninga på Pilot Flight Academy er lagt opp som eit to års løp. Pilotuniform er obligatorisk frå første veke.
Kronstad Johnsen fortel at utdanninga er delt inn i to hovuddelar, ein teoretisk og ein praktisk.
– Teoridelen består av 14 fag med avsluttande eksamenar, som ein avlegg hos luftfartstilsynet. Den praktiske delen er sjølve flyginga, som også er delt opp i fasar som blir avslutta med ein progresjons sjekk for kvar fase. Ein byrjar med å fly eit einmotorsfly av typen DA40NG. Første fase består av grunnleggande øvingar, før ein går vidare til avgangs- og landingtrening, samt nødprosedyrar. Etter desse fasane er ein klar for sin første solotur, forklarer ho.
Deretter går ein vidare til navigasjonstrening, nattflyging og instrumentflyging.
– Flyprogrammet og oppfølging til sertifikat blir gjort på ein tomotors flymaskin av typen DA42VI. Det ein lærer i teorien er også det ein utfører eller bruker i den praktiske delen, altså flyginga. Det er mykje ein skal lære, men ingen dagar er like, noko som gjer det utfordrande og utruleg kjekt, seier Merethe Kronstad Johnsen.
Opptakskriteriene på Pilot Flight Academy er at søkar må vere mellom 18 og 33 år, ein må bestå flymedisinsk undersøking klasse 1, og bestå undervisningsstaden sin opptaksprøve. Dersom ein er over 33 år kan ein søke på det ein kallar modulær utdanning. For å lese meir om opptakskrava til utdanninga kan ein sjå heimesidene til utdanningsstaden.

Merethe Kronstad Johnsen tok pilotutdanning og arbeider nå som instruktør. Foto: Privat