Jone Bjerga har pakka gitar og CD-ar og kjem til Tysværtunet og speler lunsjkonsert på fredag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jone Bjerga har pakka gitar og CD-ar og kjem til Tysværtunet og speler lunsjkonsert på fredag.

Gled deg til klokka 11.30

I dag arrangerer me årets første lunsjkonsert. Gled deg.

I dag klokka 11.30 startar Jone Bjerga lunsjkonserten, ein konsert som er basert på den kritikarroste debutplata «Denne er til deg». Då plata kom i fjor fekk ho terningkast fem i Bygdebladet, og Bjerga blei med ein gong invitert til lunsjkonsert.
– Det gleder eg meg til, og har satt saman dei songane eg vil spele og synge i Tysværtunet. Etter at plata kom ut har det vore mykje skryt både frå dei som har høyrt meg synge og dei som har kjøpt plata. Nokre blei kanskje litt overraska over kva eg hadde jobba med, men dei som kjenner meg godt veit at dette er det eg driv med. Men det var godt å få det ut på CD, smilar Bjerga.

Gitaren
I Tysværtunet har han med seg gitaren.
– Det er slik eg opptrer. Eg brukar å tilpasse meg etter lokalet, og lovar dei som kjem ei fin stund med eit knippe songar som eg har blitt glad i. Sjølv om versjonane er tett opptil plata, er det slik med songane mine at dei blir aldri heilt ferdige. Det er alltid eit eller anna eg vil forandre på.
­– Har folk fått seg favorittar?
– Ja, det har dei, men det er veldig varierande kva som treff dei. Tekstane er noko mange kjenner seg att i, og då får songane ei breiare og djupare meining. Det er akkurat slik eg vil det skal vere.
Ein av songane som har vore mykje nemnt er tittelsongen «Denne er til deg».
– Burde kanskje begynt konsertane med den, men slik har det ikkje blitt. Eg set stor pris på at folk har favorittar og spør etter dei. Ingenting hadde vore verre enn at ingen brydde seg. Eg håper det er ein del kjentfolk som tar turen til Aksdal, for det er alltid kjekt å møte folk som likar musikken min. For dei som ikkje har fått tak i plata, så lovar eg å ha med eit knippe. Det er musikk for absolutt alle som likar å lytte, seier Jone Bjerga.

Tett program
Konserten med Bjerga er starten på ei hektisk tid i Tysværtunet. Det blir lunsjkonsertar i både februar og mars. I tillegg skal Tysvær Blandakor ha konsert, og i kulturhuset si jubileumsveke er det program kvar dag. Kunstlaget skal ha medlemsutstilling, og under lunsjkonserten vil Tysværtunet få ei gåve.
Så alle «venner» av lunsjkonsertane; det er berre å komme. Det er Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet som arrangerer, og som med alt det beste her i livet, det er gratis å komme på lunsjkonsert.