Årsmøte i Tysvær Mållag

Tysvær Mållag har hatt eit aktivt år, og medlemstalet går stadig opp. Her er referat frå årsmøtet.

ÅRSMØTE I TYSVÆR MÅLLAG 28. FEBRUAR 2018

Kultursjef Ingvar Frøyland hadde eit opningsinnlegg det var råd og kjenna seg att i. Han var ein av dei som heldt fast på nynorsk i realskule og gymnas og seinare gjennom yrkesutdanning og yrkesliv. Det var ikkje sjølvsagt; presset mot nynorsk var stort på den tida òg. Prinsippfast og visjonær har han alltid vore, stolt over bygdemålet og den skrifttradisjonen han var opplært i.

Det betyr ikkje at alt må vera ved det gamle, og kultursjefen utfordra ein del av dei etablerte ord og uttrykk han ikkje kjenner seg igjen. Eit slikt ord er «Noreg». Er det rom for tillemping til talemålet i landet? Kor går grensa for å mista sin eigenart og gi rom for valfrie former?

Det er ikkje tvil om at nynorsk og bokmål har nærma seg kvarandre dei siste åra – det skjer utveksling begge vegar. Det er langt større rom for dialektar, og i sosiale media legg folk seg tett opp til talemålet. Dette bør skapa eit godt grunnlag for ein nynorsk som tar opp i seg det levande munnlege språket, eit syn forsamlinga støtta opp om. Det er så mange gode ord og uttrykk som ikkje bør forsvinna på vegen.
***

Tysvær Mållag har hatt eit aktivt år, og medlemstalet går stadig opp: 57 betalande medlemmer i 2017, og fleire er velkomne!

Skulemålet er ei hovudsak, og må fylgjast tett opp. Talet på nynorskelevar ved Grinde og Tysværvåg skule tar seg opp no. Det er fleire grunnar til dette, ikkje minst har mållaget sin innsats vore viktig. Me er levande interesserte i denne delen av kultur- og samfunnsutviklinga, og skulen har ein nøkkelposisjon.

Det handlar òg om språkleg bevisstgjering i barnehage og ungdomsskule. Mållaget løyvde kr 10 000 til nynorske bøker som sirkulerer i barnehagane sine bokkassar, administrert av folkebiblioteket. Og «Nynorske lesegledarar» er eit nytt prosjekt i biblioteka i Rogaland; skular, barnehagar og andre kan tinga personar som formidlar og dramatiserer nynorsk litteratur.

Vidare er mållaget med på bLEST-festivalen, denne gongen i samarbeid med historielaget, menighetsrådet og blandakoret. Biografien om nynorskpresten og biskopen Peter Hognestad vart presentert av forfattaren Per Halse i Aksdal Kyrkje, til vakkert tonefylgje av Tysvær Blandakor.

Val av styre:
Leiar: Synnøve Bredal Bjelland
Styremedlem: John Ragnar Susort
Styremedlem: Jan Helge Øvernes
Styremedlem: Judith Bakkevig Håland
Styremedlem: Kamilla Bakkevig
Varamedlem: Sigmund Låte
Varamedlem: Seva Mari Øvrebust
Varamedlem: Solvor Kringeland Sundfør

Her er våre satsingsområder i 2018:

– nynorske kulturarrangement
– nynorsk frå barnehage til vidaregåande skule
– den digitale skulekvardagen

Årsmøtet vedtok ei uttale der me bed om kraftig styrking av nynorsk på den digitale skulearenaen. Tysvær Mållag ser med uro på utviklinga. Midlar må styrast inn mot produksjon av nynorske digitale hjelpemiddel i heilt anna grad enn i dag.