DSCN1209OK

Grassat moro og interessant

Dei siste 8-10 åra har bønder i heile distriktet kryssa av den populære grasdemonstrasjonsdagen på primstaven.

Av Svanhild Risanger Valen

Då samlast dei i hundretal for å møtast –  og for å sjå på maskinar med imponerande storleik og styrke. Her er det så visst storleiken som tel… I år var det Førland som husa arrangementet. 19. juni ved Førland skule stimla folk i alle aldrar, fasongar og klesstil rundt splitter nye traktorar, fôrhaustarar, ballepresser og alt anna utstyr innan grasindustrien.

Fagleg og sosialt

Dei som er ansvarlege for arrangementet er i hovudsak Bokn/Tysvær Produsentlag Tine. Med på laget er Nortura Haugaland Landbruksrådgjeving, Nortura, A.K Maskin, Aase Maskin, Traktor Maskin i Vats, Serigstad, Velde Maskin, Felleskjøpet og Eik Maskin. Dei fleste landbruksforhandlarane i distriktet er altså med. Geir Apeland- leiar i Tysvær og Bokn produsentlag er den som har hatt sjefsrolla dei siste åra, han seier at alle aktørane er positive til dette og stiller opp mannsterke. Det vanskeligaste er faktisk å finna ein dato som passar etter rett slåttetidspunkt.

– Dei får høve til å vise kundane det dei har å tilby, og her kan ein både få faglig informasjon og treffe andre bønder til ein hyggeleg prat. Når ein ser kor mange som kjem så må ein vere nøgd, seier Apeland.

Ein ivrig gjeng ifrå Nortura grillar som pølser og hamburgarar, og maten går unna på høgkant – gratis og kjøtfull som den er. Etterpå får ein gratis drikke og anna hos Tine, noko glade bønder veit å verdsette. Ei av damene me treff på i matkøen, likar godt at dette er ei sosial og uformell hending, kor ein kan kombinerer det faglige og det sosiale i same slengen.

Les meir i papirutgåva…