Bodil Svanberg og Per Molland frå Tysvær Arbeiderparti ønsker alle pensjonistar velkomne til «Me øve 60»-treff.
Bodil Svanberg og Per Molland frå Tysvær Arbeiderparti ønsker alle pensjonistar velkomne til «Me øve 60»-treff.

Startar «Me øve 60»

No har den vaksne garde fått seg ein ny samlingsplass i Tysvær. Måndag 9. april startar Tysvær Arbeiderparti opp tilbodet «Me øve 60».

– Me fann ut at pensjonistane i Tysvær manglar ein treffstad. Derfor bestemte me oss for å starte opp dette tilbodet. For å ivareta dei over 60, fortel Bodil Svanberg og Per Molland.

Foredrag og mat
Gjengen planlegg fire treff i år, og det første skjer altså kommande måndag – i kantina i kommunehuset.
– Me kjem til å bestille smørbrød. Ordføraren kjem for å opne ballet, og eg skal halde eit innlegg om nettvett, fortel Bodil.
– Og eg skal snakke om merkevarebygging i Norge på 1800-talet. Etter at me har hatt innlegga våre blir det prat og mat, seier Per.
– Me gler oss veldig til å starte dette og håper at mange tar turen, smiler dei to.
– Korleis melder ein seg på?
– Dei kan ta kontakt direkte med oss. Det er sendt også sendt ut invitasjonar, så me veit allereie at det kjem ein del folk. Men me har god plass og blir glade for alle som vil ta turen. Pensjonistane treng ein naturleg treffplass og me har stor tru på at dette kan bli noko mange vil sette pris på.

Aktuelt tema
Første gangen skal altså Bodil snakke om nettvett. Eit tema som blir stadig meir aktuelt. Svanberg har sjølv lang arbeidserfaring frå bank, og har fleire gode tips å komme med.
– Det er ikkje lett. Svindlarane blir stadig meir slu og vel intelligente metodar for å lure folk. Dei vil alltid utnytte dei svakaste, og det gjeld å vere på vakt. Ein må for eksempel hugse på at ingen – bankar, skattekontor eller liknande vil be om personlige og sensitive opplysningar på mail eller telefon. Ein skal aldri oppgi noko når ein blir kontakta på den måten. Og skal ein betale noko på nettet, så bruk alltid Mastercard. Då brukar ein ikkje av eigne pengar, men kreditt, og det er lettare å få pengane igjen, om det skulle skje noko, fortel Bodil.
Resten av tipsa får ein om ein tar turen på måndag.
– Dette er eit tema eg kunne snakka veldig lenge om. Dei som kjem skal få grundig informasjon, men me skal begrense innlegga våre. Det skal bli tid til anna også, ler dei to AP-politikarane.

For alle
Neste treff er planlagt 4. juni. Dei andre er ikkje fastsett enda.
– Kva program vil stå på programmet på dei andre treffa?
– Det er ikkje bestemt enda. Me vil gjerne at folk kjem med ønsker når det kjem til innlegg. Det er viktig at me tar opp tema som engasjerer folk, som dei ønsker å høyre om. Så me tar gladeleg i mot tips. Det treng ikkje ha politisk agenda. Det er viktig å få fram at «Me øve 60»-treffa ikkje er meint berre for folk i AP. Ein treng ikkje ha politisk tilknyting i det heile tatt. Og folk kan komme frå alle plasser. Dette er ikkje eit tilbod til berre dei i Tysvær. Med andre ord så er alle pensjonistar hjerteleg velkomne, avsluttar Per Molland og Bodil Svanberg.