Berte og Epi er vel heime hos eigarane sine igjen. Foto: Privat
Berte og Epi er vel heime hos eigarane sine igjen. Foto: Privat

Fann hundane etter 16 dagar

Berte og Epi forsvann frå Bringedal/Heskjadalen helga før påske. 16 dagar seinare fekk historia ein svært lukkeleg slutt. Då kom hundane til rette, i god behald.

Det er Jan Bringedal og Janne Hauge som eig hundane. Sistnemnde brukar hundane, og går på utstilling med dei. Berte og Epi er av rasen Basset Hound, og det er svært få av denne typen hundar i distriktet.

Mange involverte seg i leitinga
Etter at hundane forsvann starta eigarane leitinga same dag.
– Med to små barn og forpliktingar på jobb blei det litt sjonglering. Men me klarte å leite godt i nesten ei veke, og hadde familie og vener som hjelpte oss med både leiting, facebookinnlegg og så vidare. Me fekk også god hjelp med tips og råd frå personar i Basset hound-miljøet som driv med sporing, fortel Jan Bringedal.
Til slutt hadde dei leita over alt som kunne leitast. Då starta dei med postkasselappar.
– Me håpa heile tida at nokon skulle sjå eller høyre noko, seier Bringedal.

Sat i tunet
Så, etter 16 dagar med leiting måndag denne veka, dukka den eine av hundane opp.
– Den sat i oppkjørselen vår då me kom heim på måndag. Då fekk me også tips frå nokon som hadde vore på tur i marka om dei hadde høyrt ein hund som bjeffa. Janne var den som då fann den andre hunden i marka, fortel Bringedal.
Han seier at då hadde begge hundane vore så lenge borte at dei nesten hadde mista håpet som å finne dei igjen.
– Då den eldste hunden fann vegen heim sjølv blei me sjølvsagt overlykkelege, og då nummer to også blei funnen var det ikkje til å tru. Hundane har det bra, og med unntak av å vere tynne etter 16 dagar er dei framleis dei gode, koselege sofadyra me kjente frå før, seier den glade hundeigaren Jan Bringedal.