Hallvar Djuvik, Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad leverte sakene under årets julekonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jul i Tysvær er for mange ein konsert med tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik, Aasmund Kaldestad og multimusikar Steffen Horn. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ein berre må ha konsert

Julekonserten «Så ha ei god jul, då!» med Tenorane og Steffen Horn er blitt juletradisjon i Tysværtunet. Nå er dei på veg, med ny plate i kofferten.

– Er du klar, Henrik?
– Sjølvsagt. Tenorar og jul vett du. Det er stas og store greier. Nå skal me ut på ein lang juleturne og er ikkje heime før 21. desember. Me tjuvstarta i Sarpsborg sist helg, og kjem til Aksdal den 9. desember. For meg som er frå Skjoldastraumen er det sjølvsagt hovudpunktet i denne juleturneen, seier Henrik Hundsnes.
Denne gongen kjem dei med ei ny førestilling og ikkje minst ei ny plate.
– Me kjem ut med CD-en «Julekveld» i morgon faktisk, så her snakkar me om ferskvare. Me har spelt inn songar som me liker å synge, litt nytt og litt gamalt materiale. Me er godt fornøgde med resultatet og håper at folket som kjøper den blir det same.
– Dette er på ein måte den klassiske tenorvarianten av julesongane.
– Det er det. Når me har juleshow, så showar me litt meir enn på plate.ne Me veit at mange vil ha dette formatet og denne stilen, så det rotar me ikkje med. Julesongar er på mange måtar ein del av juletradisjonen, som ein skal ha respekt for. Det ber denne plateutgivinga preg av. Det er flotte arrangement, og me håper sjølvsagt at me har valt songar folk liker å høyre, seier Hundsnes.

Heim
– Fortel litt om korleis det er å komme heim til jul, og ha julekonsert?
– For meg personleg er det stort. Det er denne kvelden eg vil at alt skal klaffe og at stemma mi er ekstra rein og fin. Me har etter kvart fått oss eit stort publikum og det å få treffe folk etter ein slik konsert set eg stor pris på. Når ein er på Austlandet store deler av året, så blir slike treff viktigare og viktigare for meg. Så eg håper eg treff mange den 9., seier Hundsnes.
Tenorane og Steffen Horn skal ha sin åttande julekonsert i Tysværtunet. Dei er i ferd med å etablere seg som ein av landets fremste songtrioar, og med si blanding av alvor og humor har dei skapt julesteming over heile landet sidan starten i 2011. Dei tre tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad utgjer stemmene. Med seg har dei pianist og multimusikar Steffen Horn. I år regissert og koreografert av Tore Nysæther.
– Han har vore viktig for oss. Denne balansen mellom det å underhalde og overraske litt, og samstundes ha respekten for dei storslagne julesongane er han svært flink til. Tenk deg spennet mellom «Så går vi rundt om en einebær busk» og til Bachs «Juleoratorium. Repertoaret spenner elles frå nemnte Bach til Beatles, og frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør. Det lovar eg, seier Henrik Hundsnes.

Tradisjonar
Når kvartetten reiser land og strand rundt er det med kulturarv i kofferten.
– Det er slik me opplever dette med julekonsertar. Nå er eg mykje på farten med andre typar konsertar, men dette med julesongar og julekonsertar i desember er heilt spesielt.
– Er det krav til reprotoar?
– «Deilig er jorden» og «O helga natt» er vel på spelelista før me begynner å planlegge resten. Det er utenkeleg å gå på konsert med tre tenorar utan å få høyre dei. Målet er at folk skal senke skuldrane og nyte konserten. Kanskje vil dei flire litt innimellom. Men når dei går heim er målet vårt heil klart at dei skal gå nynnande på «O helga natt». Gjer dei det så har me full suksess, seier Henrik Hundsnes.
Også Steffen Horn får Norheim er på heimebane i Tysværtunet. Han har vore eit fantastisk krydder i førestillingane så langt.
– Du kan helse å seie til alle leserane av Bygdebladet at me gleder oss stort. Denne konserten er merka med gult på turnelista for lengst, avsluttar Henrik Hundsnes.