Frå julekabareten i Skjoldastraumen.
Foto: Jan Øvernes
Frå julekabareten i Skjoldastraumen.

4360 kroner til Filippinene

Framfor ein fullstappa gymsal framførte elevane frå Straumen skule ein feiande flott julekabaret.

Høgdepunkta kom tett på juleførestilinga i år. Programleiarane Håvard og Eline losa oss med stødig hand gjennom 24 luker i adventkalenderen. Bak kvar luke fann me strålande framført legender, dikt og songnummer på norsk, engelsk og polsk. Alle elevane hadde oppgåver med kor, solistnummer og med kjøring av teknikken som også måtte stemma på eit slikt show.

Før kabareten og i pausen var det fullt kjør i kafeen. Klassane og SFO har også brukt mange timar dei siste vekene på å baka julekaker. Desse blei selt i kafeen, alt til inntekt for dei katastroferamma på Filippinene. Kr 4360 blir sett inn på Redd Barna sin Filippinene-konto i dag.

Rektor avslutta kvelden med håp om at alle foreldra var like stolte over elevane som me er. Ingen grunn til noko anna etter denne kvelden!

Innsendt materiale
Skrive av Jan Helge Øvernes