Thomas Thaule er ny dagleg leiar i Falkeid IL.
Thomas Thaule er ny dagleg leiar i Falkeid IL.

Bergenser klar for Falkeid

Thomas Taule er tilsett som ny dagleg leiar i Falkeid IL. Taule er opphaveleg bergensar og er allereie på plass på Troppene.

– Eg begynte i jobben på måndag. Første veka blir å bli kjent med klubben og nærområdet. Spennande når ein tenker på planane for fremtida og. Bakgrunnen min: mange år som salgskonsulent i dagligvarar og som trenar i Vard, Randaberg og sist Nord, seier Taule.
Taule er født i Fyllingsdalen i Bergen, men har budd det meste av sitt liv på Haugalandet, om ein ser bort frå eit par år på Randaberg.