Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Høgre sin nye ordførarkandidat

Nominasjonskomiteen til Høgre har gjort sitt val; dei ønskjer Ola S. Apeland som Harald Stakkestad sin arvtakar – og Høgre sin neste ordførarkandidat.

Det er ein blid og avslappa Ola S. Apeland som tar imot oss heime på Rønnevik tysdag ettermiddag. Nøyaktig ei veke tidlegare fekk han beskjeden; nominasjonskomiteen til Høgre har valt han som førstekandidat og partiet sin ordførarkandidat.

– Eg er glad, takksam og klar, oppsummerar han.

Andreplass

Ola har drive med politikk heilt sidan ungdommen. Han har hatt ei rekke verv i Senterpartiet, mellom anna har han vore førstevara på Tinget. Han kjem frå ein familie med SP-politikarar, og hadde ein far (Åsmund) med lang fartstid i kommunepolitikken i Tysvær. For fem år sidan, skifta Ola politisk fløy og gjekk over til Høgre.

– Det var ei stor avgjerd å ta. Men det var ingen veg utanom. SP og eg glei frå kvarandre politisk. Me vaks rett og slett frå kvarandre. Men det var ikkje eit lett val, og det var nok vanskeleg for familien min å forstå med det første. Eg frå framleis høyre det frå dei, fortel Harald Stakkestad sin antakelege arvtakar.

Apeland presiserer at han heile vegen har hatt – og har, eit godt forhold til SP. Men at det altså utelukkande var politiske grunnar til partiskiftet hans.

Då Høgre skulle stille med liste til førre val, hamna Ola på sjuandeplass. Han måtte på mange måtar byrje frå scratch igjen. Likevel viste det seg at han har mange veljarar som ønskjer han i Tysvær-politikken, noko han sett stor pris på.

– Eg fekk stemmar frå heile kommunen, det er eg veldig takksam for. At eg fekk nestflest stemmer etter Harald, var fantastisk. Eg sette stor pris på at folk framleis ønskja meg i politikken. På førehand tenkte eg at det var enten eller, seier 50-åringen.

Les mykje meir om Ola S. Apeland i papiravisa.