Det blei kjent i dag då Høgre i Rogaland offentlegjorde si liste. I morgon skal lokalpartiet gjere sitt vedtak.
– Eg har sagt ja til å stille på lista, seier Harald Stakkestad.
– Eg har sagt at eg vil bruke meir tid på lokalpolitikken. Mellom anna i programmet med å få fleire kvinner inn i politikken, seier Sissel Hansen Tysse.
Det er ingen dramatikk i dette sceneskifte melder Høgre- det var eit møte mellom Stakkestad, Hansen Tysse og gruppeleiar Ola Apeland denne veka, kor ein kom fram til denne løysinga.
Tysvær Bygdeblad har ein lengre reportasje i avisa 9. oktober om korleis Harald Stakkestad ser på det politiske livet sitt etter perioden som ordførar.