Vinterferien fekk ein dramatisk start for familien Hettervik. Men då Margit blei funne kunne dei smile letta. Frå venstre Marianne, Elin og Kathrine Hettervik.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vinterferien fekk ein dramatisk start for familien Hettervik. Men då Margit blei funne kunne dei smile letta. Frå venstre Marianne, Elin og Kathrine Hettervik.

– Tusen takk, alle saman

Laurdag ettermiddag og kveld blei det brått slutt på helgefreden til familien Hettervik. Margit Hettervik hadde tatt seg ein tur, og hadde ikkje komme heim.

– Det var ein forferdeleg melding å få, og me strevde litt med å ta det innover oss. Ho er tross alt 83 år, og når ein person blir vekke i mange timar med temperaturar rundt null grader, er det ikkje bra. Me kom oss innover til Aksdal og gjekk frå dør til dør – og spurte om nokon hadde sett svigermor. Me gjekk også ei løype me veit ho brukar å ha seg ein tur i, men fann ingen spor. Eg trur alle skjønar kor grusomt det er å vere i ein slik situasjon, seier Elin Hettervik.
Facebook
Etter ei stund måtte dei be om hjelp frå politiet. Det skulle bli ei god oppleving, oppi det vonde.
– Dei var veldig profesjonelle og hadde med seg hundepatruljar. Måten dei organiserte dette på var heilt fantastisk å vere vitne til. Me kunne vere heime hos bestefar og ta oss av han. Men tida gjekk og timane var som sirup. Me trudde vel eigentleg at dei ville finne henne raskt. Ho er tross alt ei gammal kvinne. Kor langt kunne ho ha komme?, seier barnebarnet Kathrine Hettervik.

Les heile saka i papirutgåva.

https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/15/gladmelding-fa-politiet-kvinna-funne-god-behold/