Rådmann Arvid S. Vallestad kunne legge fram svært positive tall for kommunestyret på tysdag. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rådmann Arvid S. Vallestad råda kommunestyret til å busette 10 flyktningar. Samtidig meiner han det er viktig å vurdere korleis ein klarer å drive etter lova, med økonomisk stramme rammer.

Hard sparing lønnar seg

Det lønnar seg å spare. Rekneskapen for 2014 viser at dei tøffe sparetiltaka til politikarane gir resultat. Gode resultat.

Av Mona Terjesen
Rekneskapen for 2014 blei lagt fram for kommunestyret tysdag kveld, av rådmann Arvid S. Vallestad.
Godt sluttresultat
Det vedtekne driftsbudsjettet for 2014 føresette eit driftsoverskot på 20,4 millionar kroner, kor 2,8 millionar var disponert til realvekstfond og 17,6 millionar var driftsbidrag til investeringar.
– Gjennom tertialrapporteringa til kommunestyret blei det varsla eit noko svakare resultat enn dette, primært med bakgrunn at resultatområda låg an til eit minusresultat på 3–4 millionar kroner. Samstundes såg det ut til at skatteinntekter og rammetilskot samla berre delvis ville vega opp dette. Renteområdet blei angitt å gi eit positivt resultat. Samla blei det i tertialrapport nummer to i 2014, varsla eit resultat som låg 1,3 millionar kroner under budsjett, opplyser rådmannen og økonomisjef Tor Leif Helgesen i saka.
Avviket samanlikna med tidlegare rapportering, viser at sluttresultatet for kommunen er på 25,6 millionar kroner, 5,2 millionar betre enn i budsjettet og 6,5 millionar betre enn det som blei varsla i tertialrapport nummer to.

Les heile saka i papirutgåva