Kransene var frå leiinga og kollegaer ved Aibel. Rosebuketten var frå Tysvær, Karmøy og Haugesund kommunar.
Foto: Tysvær kommune
Markering ved fleire ordførarar på minnesmerke for Alexander Kielland-ulukka i dag. Kransene var frå leiinga og kollegaer ved Aibel. Rosebuketten var frå Tysvær, Karmøy og Haugesund kommunar. Foto: Tysvær kommune

Helgetankar frå ordførar Sigmund Lier: – I krisetider

Landet er i krise. I krisetider står me saman og hjelper kvarandre. Det opplever eg at tysværsamfunnet gjer, både som kommune, i bygd eller i familie.

I dag er det 40 år sidan ei annan stor krise i landet, Aleksander Kielland ulykka. Den traff Haugalandet og kommunen vår tungt. Tysvær kommune mista mange innbyggarar og mange familiar fekk store tap når ein av deira omkom. Tysvær kommune minnes desse og har i dag lagt ned blomar saman med Karmøy og Haugesund kommunar på minnesmerket utanfor Aibel på Risøy.

Landet i ei unntakstilstand. Me opplever strenge restriksjonar, strenge retningsliner for å dempe og stanse virusutbrotet. Eg støttar og stiller meg bak nasjonale myndigheter sine strenge krav. Me veit at det hjelper når me held avstand, held barnehagar, skular og kulturarrangement stengde, ikkje møtast mange om gangen. At me vaskar nevane våre godt og ofte. I det heile tatt at me tek førehandsreglar.
Denne nasjonale dugnaden hjelper! Koronaviruset har sett oss på prøve, på alle måtar. Me veit og at det no røyner på for mange. Mange barn er trøytte av å vera heime heile tida. Dei saknar barnehage og skule. Det var rørande å få sjå kritteikningar utanfor Tysværvåg barne- og ungdomskule, hjarta som hang så fint utanfor omsorgsenteret. Me heiar på kvarandre. Me saknar alle fellesskapet med andre. Takk til alle barn som tek dette på alvor! Mange foreldre slit med å få logistikken til å gå i hop. Takk til alle foreldre og føresette som til dei grader på ein flott måte klarar å få kvardagen til å gå i hop. Takk til alle kreative tilsette i barnehage og skule som gjennom digitale media legg så godt til rette.

Ordfører Sigmund Lier. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Helsevesenet vårt er pressa. Våre helsearbeidarar må nemnast spesielt! Dei står på gjennom lange vakter, gjennom å gje ekstra innsats for å hjelpe oss slik at me har eit god helse og omsorg når me treng det. Ikkje berre ved Korona, men som kommuneoverlegen så godt skreiv, alle dei andre sjukdommane er her framleis! Ei ekstra stor takk til alle i helsevesenet for så flott innsats på mange plan og områder!
Denne veka har eg snakka med mange bedriftseigarar. Eg føler med butikkeigarar og bedrifter som står utan inntekter og der livsverket er i ferd med å forsvinne, arbeidsplassar som blir borte. Politisk leiing har gjennom veka arbeida opp mot våre stortingspolitikarar for å påverke og sikre at den krisepakka som kom i dag også skal nå bedrifter i vår kommune. I skrivande stund er pakken lagt fram og me veit ikkje korleis den når Tysvær- og Haugalandsbedrifter, men slik eg ser er dette ei god redningsplanke for mange. Storsamfunnet må hjelpe slik at flest mogleg av trua arbeidsplassar vert sikra.
I neste veke skal kommunen ha formannskap- og kommunestyremøte på digital plattform. Me skal behandle og vedta viktige saker for kommunen og vil gjere det digitalt. Dette blir nytt for mange, men digitaliseringa har vist seg meir enn nokon gong viktig for samfunnet. Me sikrar sjølvsagt alle som ynskjer av innbyggarar og presse kan vera med på møtet gjennom kommuneweb TV.
I helga er det meldt fint ver. Mange vil på hytta, for å gå på ski på fjellet eller for å gjera hyttehagen klar ved fjorden. Dette utset me! Me tek ein for laget og ofrar akkurat dette no. La oss ha dugnaden i gong slik at helsevesenet er i stand til å sikre gode tenester og ikkje får ekstra belastningar som kan skje gjennom skiturar mm.
Me treng likevel ikkje vera inne! Me kan vera ute, gå tur på alle dei flott turmåla me har på Haugalandet. Pass berre på retningslinene, ikkje for mange saman og hold god avstand mellom kvarandre. Hugs og at turstien til Himakånå er stengt. Du når dette flotte utsiktspunktet likevel ved å gå frå Gurigjerdet. Hugs også at biblioteket låner ut bøker, ta kontakt med og bestill.

Dugnaden held fram – me klarar dette saman, på vegne for oss alle!

God helg!
Sigmund Lier, ordførar