Anita Helgeland kjem med ny musikk denne våren og sommaren. Det er berre å glede seg.
Foto: Helge Martin Framnes
Anita Helgeland er ein av dei aller første artistane som slepp til under «Blirbra festivalen». Foto: Helge Martin Framnes

Fredag kjem musikkvideoen i «BlirBra festivalen»:

Kjempar for kvar ein song

Anita Helgeland er plateaktuell. Frå sitt studio heime på Kallevik Sør har ho sikra seg eit knippe med flotte songar, før helsa seier stopp.

Det har gått snart fem år sidan me høyrte frå songfuglen og komponisten sist. Då med bandet Okersol som fekk strålande kritikkar for sine album og konsertar. Nå kjem ho med sitt eige, og det har vist seg å vere litt vanskelegare enn ho set pris på.
– Det er herleg å kunne trekke inn i studioet mitt heime og jobbe med musikk. Dessverre har eg ein arveleg sjukdom som gjer at stemma mi tidvis skjelv. Men på dagar der det er lite stress og lite jobbing går det bra, og eg er svært nøgd med det som eg nå har fått lagra. Ein av songane har eg sendt til ABC studio i Etne og den er nå klar for å leggast ut digitalt. Den heiter «Vårsut» og eg kunne jo ikkje vente til våren var over før den kom, seier Anita Helgeland.

Bit for bit
Albumet som kjem seinare i år er laga bit for bit.
– Eg er av dei som kjem på ei linje eller ein bit av ein song kor som helst. Då er det å finne ein stad der eg kan få fred og synge det inn på mobilen min. Etter kvart blei det såpass mange songar at eg nå har søkt Kulturrådet om stipend til å gi ut ei plate. Svaret derfrå bestemmer vel eigentleg kva tid plata kjem ut. Som sagt har eg ikkje helse til å gjere alt sjølv, men har fått med meg eit fantastisk knippe musikarar, som verkeleg har løfta musikken.
– Du bur saman med Helge Martin Framnes. Er han ein støttespelar eller kritikar å støtte seg på?
– Ha, ha. Han berre skryt. Kjekt det, men han er flink til å heie på meg og legge til rette. Men så veldig kritisk er han ikkje.
– Kven speler for deg?
– Eg har hatt dette knippet med meg på denne songen. Jørn Raknes på gitar, Thomas Gallatin på trommer og Tor Egil Kreken på bass. Ole Øvstedal og Silje Huleboer har stått på i studio i Oslo til delar av innspelinga. Kjetil Ulland har laga ein aldeles nydeleg miks i ABC studio i Etne, og Björn Engelman ved Cuttingroom studios har mastra låta med stil.
– Og det går rykte om endå meir kjende namn på den neste songen?
– Eg sende ein song til gitaristen Knut Reiersrud og lurte på om han ville gi meg nokre råd. Det enda med at han speler gitar på den songen. I tillegg har eg sendt fleire songar til Tom Roger Odland. Han er ein fantastisk støttespelar, seier Helgeland.

Sakna
Mange har sakna Anita Helgeland og Okersol. Sjølv om dei ikkje samarbeider lengre så har Helgeland sendt nokre av songane til gitarist Oddvar Helgeland.
– Oddvar er også flink til å seie kva han meiner. Han har også komme med tilbod om å bidra om eg treng det. Men denne gongen ville eg vere meg sjølv, så langt har det ikkje blitt noko av det. Men støtte er det i Oddvar som alltid er ærleg og oppriktig og fortel kva han meiner, seier Helgeland.
– På nett er det mange som saknar deg og gleder seg. Er det eit press, eller berre kjekt?
– Begge delar. Hadde eg vore heilt frisk så kunne eg ha kjørt på. Men det kan eg ikkje. Akkurat nå hadde det ikkje vore aktuelt med konsertar uansett, men eg må nok ha mykje kvile om eg nokon gong skal spele konsert igjen.
– Korleis lagar du songane dine?
– Eg startar med å spele på piano. Så kjem dei litt etter litt. Når me kjem i studio og skal sette dette saman så tar eg alltid vekk pianoet, eller trekkspelet først.
– Ja, vel?
– Eg høyrer at det ikkje held mål lengre, så slik blir det. Så speler musikarane inn sine greier og til slutt så endar me opp med at to linjer frå ein fin tur er blitt til ein fin song. Det er kjekt så lenge songane kjem til meg. Det er ei gåve som eg må nytte meg av så lenge kroppen vil. Og når folk kjem med skryt, ja då er det medisin for meg.

Balsam
Me har fått songen «Vårsut» tilsendt i to versjonar og må få lov å si at dette er balsam for sjela. Helgeland likar ikkje å bli samanlikna med andre artistar, men det er eit eller anna som gjer at dette kunne vore utgitt på mange språk og av langt meir kjende artistar. Det er worldmusic på så mange måtar. Gitarar og bass driv gjennom songen som eit mjukt tog, som støypt til Helgeland si flotte stemme. Det er ei herleg trekkspelstemme der inne ein eller anna stad. Det er som om ein ikkje vil at den skal ta slutt. Heldigvis varer songen i over fire minuttar, og er som sagt berre ein av mange som kjem frå den kanten dette året.
Og for dei av oss som elskar Okersol og gitarane til Oddvar Helgeland. Jo, da det er i same gata her også, sjølv om musikarane er nye. For det som kjem frå heimestudioet til Helgeland har noko umiskjenneleg over seg. Eg trur det kallast kvalitet. Det er berre å glede seg til ei heilt ny plate kjem. Kanskje også på vinyl. Høyrer du Anita.

Ny singel

Terningkast 5

«Vårsut»
Singel
Anita Helgeland
Jørn Raknes gitar,
Thomas Gallatin trommer og Tor Egil Kreken bass.
ABC-studio/Kjetil Ulland
2020

Anita Helgeland er ein av dei aller første artistane som slepp til under «Blirbra festivalen».
Foto: Helge Martin Framnes