Eg gler meg til å kunne klemma dokker igjen!
Pauline Vik Vestly, gruppeleiar i Tysvær Venstre. Foto: Erlend Eikeland Uthaug
Eg gler meg til å kunne klemma dokker igjen! Pauline Vik Vestly, gruppeleiar i Tysvær Venstre. Foto: Erlend Eikeland Uthaug

KORONA: Kjære Tysværbuar

No herjar viruset på Haugalandet og det er veldig trist å sjå. Det er familiar, idrettslag, elevar, lærarar, helsearbeidarar og mange fleire som slit for tida no når Haugalandet blir nedstengt.

Det viktigaste me har i eit samfunn er kvarandre og folkesjela, noko som blir utfordra når kontakten mellom kvarandre blir såpass grensa.

Det var med eit tungt hjarte me stemde for forskrifta til å stenge ned i Tysvær, i kommunestyremøtet på måndag, men det var naudsamt og heldigvis møtt med forståing frå dei fine innbyggjarane me har i Tysvær kommune.
Eg vil tilrå dokker å ringe nokon du står nært og ikkje får møtt no eller berre nokon du trur treng å prate. Det er tunge tider for alle, men nokon treng ein telefonsamtale eller å berre ha kontakt med andre menneske, meir enn ein kanskje skulle trudd. Tida for å setje pris på kvarandre er inne for fullt og me treng å høyre frå kvarandre for å få motivasjon til å oppretthalde restriksjonane.

Vonleg vil smitten gå ned snart, no som restriksjonane er blitt så strenge, men eg håpar og då at folk tek med seg kjensla om korleis det er å være åleine, til omsyn for dei som er einsame og tek ein ekstra telefonsamtale eller ein melding når pandemien er over og. Det viktigaste me har er kvarandre, før, under og etter pandemi.

Eg gler meg til å kunne klemma dokker igjen!

Pauline Vik Vestly, gruppeleiar i Tysvær Venstre