Helse Fonna reduserer aktiviteten og førebur seg på fleire koronapasientar neste veke.
Helse Fonna reduserer aktiviteten og førebur seg på fleire koronapasientar neste veke. Foto: Eirik Dankel

Sjukehusa førebur seg til påske: Helse Fonna reduserer planlagt aktivitet

Helse Fonna reduserer aktiviteten og førebur seg på fleire koronapasientar neste veke.

Fredag morgon var det innlagt 8 pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus. Ein av desse får intensivbehandling. Og i løpet av morgontimane kom det også inn ein koronapasient på Stord sjukehus, den første på fleire veker.
– Det gledelege oppi dette er at det sidan i går er to pasientar som ikkje lenger treng intensivbehandling. Blant anna er pasienten under 18 år no formelt utskriven frå intensivavdelinga. Det er eg svært glad for, seier adm. dir. i Helse Fonna, Olav Klausen.

Frå neste veke blir mykje av planlagt aktivitet i Helse Fonna redusert, slik at ein er i stand til å ivareta kritiske funksjonar, og ta imot fleire pasientar med covid-19.
– Vi er inne i ein fase der det er naudsynt å redusere aktiviteten. Det meste av planlagt kirurgi ved alle tre sjukehusa i føretaket blir utsett, men mellom anna pasientar med mistanke om kreft og barn under 18 år blir skjerma. Eg er lei meg for at vi må redusere tilbodet til pasientane våre men vi må nå førebu oss på å ta i mot mange fleire pasientar med covid-19 både på vanlege sengepostar og på intensivavdelingane, seier Klausen.
Også poliklinisk aktivitet vert redusert, i litt varierande grad rundt om på avdelingane. Dei pasientane som blir råka vert kontakta.
Reduksjonen i planlagt aktivitet vil halde fram til over påske, det vil seie til og med 05.04.21.

Det vert i tillegg gjort fleire grep dersom det kjem fleire koronapasientar kommande veke. Ved Haugesund sjukehus førebur ein arbeid med kohortavdeling nummer to, og pandemimottaket vert utvida. I tillegg er det teke kontakt med kommunane, i håp om at dei kan ta imot fleire utskrivingsklare pasientar.

Helse Fonna gjekk onsdag over i gul beredskap, og har innført strenge besøksrestriksjonar.