Skjermbilde 2021-08-11 kl. 09.02.52

Ny musikk: Eit eventyr av ei eventyrstund

Janove er ute med litt nytt og litt gamalt satt saman til «Det Sorte Karneval». Det er eit eventyr for fansen.

Når den nye plata kjem for sal fredag den 13., så er det etter mange år med å skape eit univers slik berre Janove Ottesen kan. Han har noko magisk med seg både når det gjeld språk og musikk. Ein blir sittande å høyre etter, drøyme og ikkje minst lytte til det som må kallast nokså innvikla musikk. Til saman blir dette noko heilt eineståande innan norsk musikk. Det er rock og teater om ein annan, og ein blir med på ei reise, som ein kanskje må vere litt fan av tidlegare Janove-prosjekt for å heilt henge med på.
Saman med bandet har han dyrka fram eit uttrykk og ein estetikk som dei nå brenn for å vise fram på album og framføre live til hausten.
Og der ligg nøkkelen til å vinne nye fans og til å nå eit endå større publikum, om det er muleg. For dette er musikk som skapt for scene, live med lys og lyd. Musikarane er dyktige og samspelte, det er perfeksjonisme i det meste og ein blir fanga i alle lydane dei klarar å kle tekstane med. Å få til dette live kjem dei nok også til å gjere.

Ni
Ni songar har dei tatt med på plata «Det Sorte Karneval» eit knippe av dei er godt kjende allereie som singlar frå prosjektet. Tittelsongen tar deg med på reisa frå første linje og må spelast om igjen fleire gonger, berre for å komme heilt skikkeleg inn i Janove-verda.
Sjølv skriv artisten om prosjektet:
– Tanken er å gi liv til eit omreisande eventyr som kjem til dei kontinentale europeiske storbyperlene Paris, Berlin, Amsterdam og London, i eit lokomotiv med alle sine karakterar og deira historier ramlande ut. Ni tekster og melodiar blir til ni scener frå de ulike karakteranes liv på godt og vondt. Kabaret og ekstravagansar. Romantikk og alvor, helt frå den vakre fasaden til mørk backstagan. Her blir du fort satt fast i ein vev av gambling, jus og management. Men har du levd, har du sår. Og livet er inspirerande.
Eit av måla til Janove er å treffe i hjarte ved å gi frå hjarte. Denne plata er eit eventyr av ei plate. Ein blir fasinert, litt overraska og faktisk litt stolt over at me i Norge har historieforteljarar på dette nivået.
Beste låtar er «Tanker» og «Det Sorte Karneval».

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 6

«Det Sorte Karneval»
Janove
Børge Fjordheim, trommer, Mattias Hellberg, gitar, Micke Lohse, keyboards, Dag Sindre Vagle, gitarer, Gulleiv Wee, bass og Janove Ottesen, vokal
Ni songar
Utgitt 13. august på Soirée Records.