Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol var imponert over kva ein har fått til på utviklingssenteret i Haugesund. Spesielt var ho glad for å høyre om kor mange tenestar og kommunar som jobba på tvers av grensene.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol var imponert over kva ein har fått til på utviklingssenteret i Haugesund. Spesielt var ho glad for å høyre om kor mange tenestar og kommunar som jobba på tvers av grensene. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Svært god stemning då helseministeren Ingvild Kjerkol fekk helsefagleg påfyll

– Me lukkast langt på veg fordi me ser moglegheiter saman, gjer kvarandre gode og heile tida søkjer etter meir kompetanse. Det er me stolte over.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol er ikkje i tvil om kva dei tilsette i diverse helseføretak driv med, etter at ho tysdag var på besøk på utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Helse Fonna-kommunane. Det som blei eit både fagleg og også sosialt møte i ein hektisk kvardag, såg ut til å gjere godt for alle partar.
– Eg blir glad når eg høyrer korleis dei brukar entusiasmen dei har for jobben til å gjere kvarandre gode. Dei vektlegg samarbeid, kompetanse, teknologi og det å bruke av seg sjølv for å utvikle ei svært viktig helseteneste. Og det skjer med eit smil, i alle fall her i dag. Alle veit at desse folka jobbar i ei teneste som alltid har vore under press frå mange hald, men dei leverer, og dei gjer det med stil, seier Ingvild Kjerkol.

Tett på
Ministeren var på ein rundtur i Helse Fonna og fekk mykje input i løpet av ein hektisk dag.
– Eit slikt utviklingssenter (USHT ) som dei har fått her i Haugesund, og som inkluderer 16 små og store kommunar, er slik eg vurderer det, svært viktig. Her kan dei aller minste kommunane, som Utsira, få støtte og fagleg samarbeid med dei store, som Haugesund og Karmøy. Det er også flott å sjå at ein kan jobbe saman utover fylkesgrensene. Det var mange som hadde mykje på hjarte her, og det seier også sitt om kor entusiastisk ein kan bli i jobben, når det blir lagt til rette for at ein kan lukkast i ein krevjande kvardag, seier ministeren.
Ho fortalte at slike treff var viktige også for henne, og at det er ei prioritert oppgåve å få vere tett på.
– I eit land med 356 kommunar så vil det å kunne samarbeide, gjere kvarandre gode og finne lokale løysningar vere svært viktig i framtida. Me ser nå at dei store kulla med barn på 1940-talet er i ferd med å bli gamle. Me ser at det stadig kjem nye helseutfordringar der ein må handle raskt. Når eg høyrer korleis dei gjer det her, så er det gode nyheiter for meg, seier Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Harriet Ramstad Hove er fagleiar på det nye dagsenteret på Frakkagjerd. Tysdag fekk ho møte ministeren og andre tilsette i same jobb som ho sjølv.


Tysvær er med
På utviklingssenteret fortalte dei om korleis USHT-ane bidrar til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene gjennom fag- og kompetanseutvikling, spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar. Målgruppa til USHT er leiarar og medarbeidarar i heimeteneste, sjukeheim og tilrettelagde tenester i kommunane som høyrer til Helse Fonna-området.
Harriet Ramstad Hove er fagleiar på det nye dagsenteret på Frakkagjerd.
– Me prøver på alle nivå i organisasjonen å dele kunnskap og erfaring, og hentar mykje ut av dette utviklingssenteret. Å kunne hente inn kunnskap, bryte ned dei store visjonane ned til kvardagen på våre avdelingar og til våre folk er svært viktig om me skal utvikle oss og halde det gode fagtilbodet oppe. Samhandling og kompetanse er utruleg viktig også i vårt helsetilbod på eit dagsenter.
– Korleis var det å få sleppe til å få fortelje om kvardagen direkte til ministeren?
– Det synest eg var både inspirerande og flott. Ho lytta, verka interessert og brukte god tid saman med oss. Det er ein stor motivasjon som leiar for eit helsetilbod å få møte dei som styrer i landet, og ikkje minst fortelje korleis me har det. Her var det svært mykje positiv energi som blei delt, og slik er det faktisk også i kvardagen. Det er heilt rett det som blir sagt her om at saman blir me både sterkare og meir kompetente i jobben vår. Så for meg var dette verkeleg eit pluss, smiler Harriet Ramstad Hove.

– Det er viktig å få vise det me er gode på, og som ein høyrde, så er det mykje, seier leiar av senteret Ida Elisabeth Gaard.


Lytta
Med i følge var både lokale stortingsrepresentantar, lokalpolitikarar, fleire frå Helse Fonna og som sagt mange frå utviklingssenteret.
– Tida går fort når ivrig helsepersonell skal fortelje om kvardagen, men eg synest me fekk fram mykje. Me valte ein positiv inngang til dette møte med Kjerkol. Me ville vise det me har lukkast med og det er svært mykje, og det gjeld for heile regionen vår. Me har våre utfordringar og dei kampane skal me ta, men akkurat nå var det viktig å få vise det me er gode på, og som ein høyrte, så er det mykje, seier leiar av senteret Ida Elisabeth Gaard.