− I år er sjølvmeldinga historisk. Heile 3,4 millionar nordmenn fekk sjølvmeldinga elektronisk. Det er desse som no får oppgjeret sitt, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatteetaten. Tala viser at 215 094 skattytarar i Rogaland i snitt får 11 999 kroner igjen på skatten.
50 294 personar må i snitt betale 16 538 kroner i restskatt.
I Stavanger startar no utsendinga av totalt 784,2 millionar kroner til 61 524 skattytarar, i gjennomsnitt 12 746 kroner per skattytar. I Haugesund skal 214,5 millionar kroner fordelast på 18 598 skattytarar, i snitt 11 533 kroner per skattytar.
3 783 personar må i snitt betale 13 317 kroner i restskatt. I heile Skatt vest (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) skal det no betalast ut 5,9 milliardar kroner til 518 319 skattytarar. Det er eit snitt på 11 404 kroner per person. I tillegg må 117 374 skattytarar i snitt betale 14 662 kroner i restskatt. Kan ta to veker Gjengedal forklarar at Skatteetaten ikkje kan gje deg ein konkret dato for når du får skatteoppgjeret ditt.
− Du vil tidlegast få pengane på konto i dag, men det kan ta inntil to veker etter skatteoppgjersdatoen før pengane faktisk vert utbetalt, seier Gjengedal. August til oktober Dato for neste oppgjer er 5. august. Etter det blir det fortlaupande oppgjer fram til 14. oktober. Dersom du ikkje får oppgjeret ditt i juni, kan det skuldast fleire ting.
− Generelt er det sånn at jo meir komplisert sjølvmelding og jo fleire vedlegg du har, jo lengre tid kan det ta å behandle den. Er du eller ektefellen din næringsdrivande, eller om du leverte sjølvmeldinga på papir, vil du tidlegast få oppgjeret ditt 5. august, seier Gjengedal og legg til at det ikkje er nokon grunn til panikk.
− Pengane kjem, men alle får dei ikkje samtidig. Du får skatteoppgjeret ditt så snart Skatteetaten har behandla ferdig sjølvmeldinga di, avsluttar Marta Johanne Gjengedal.
Morten Veland Kommunikasjon og samfunnskontakt, Skatt vest