Av Alf-Einar Kvalavåg
Padlane 2 har lenge vore ei vanskeleg sak å handtere. Etter at Østerhus trekte seg ut har fleire lokale entreprenørar snusa på det store området på Padlane, som er regulert til bustadar.
– Nyleg forhandla Bjelland & Lilleskog og Apeland Graving & Transport seg fram til ein avtale med grunneigar Geir Egil Skrunes, om kjøp av arealet Padlane 2 Aust. Om me som politikarar hadde vist handlingskraft, og administrasjonen hadde vore litt kreative, så kunne ein begynt allereie i august. Men rådmannen er skeptisk til om det er rett tid å selje nå, med tanke på at det var ein for låg kvadratmeterpris som nå kom fram. Kommunen og Skrunes eig dette området, seier Arvid Bakken (H).
Korrekt
– Det er heilt korrekt at eg, og fleire med meg, meiner den prisen som kjem fram er for låg, og ikkje i samsvar med prisen taksmannen sette. Eg meiner me må få fram rett pris og at dette då kan komme opp som ei politisk sak i formannskapet til hausten, seier rådmann Arvid S. Vallestad.
– Så noko graving i sommar er uaktuelt?
– Heilt klart. Den delen dei vil starte opp med er indrefileten av området langs vegen. Me kan ikkje la dette vere måten me forvaltar dette området på, seier Vallestad.
Utbyggjarene vil starta med byggetrinn 1 og ta det heile vidare derfrå.
Les heile saka i papirutgåva
Ikkje abonnent? https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/