Likevel er plata «War Is Inevitable» meir stilig, enn ho er «metallsint». Vokalen til Tveit Nilsen skjærer seg gjennom høgtalarane som ei motorsag, men det passar likevel godt saman med kollega Braadland sine mange og varierte gitarstemmer, servert gjennom eit uttal av gitarriff. På den eine sida ein orgie i oppfordringar til luftgitarspel, på den andre sida eit svært viktig moment i stilen til Air Raid Patrol. For dette er til å kjenne igjen, greitt å lytte til og stilig. Også for oss som ikkje har platesamlinga full av slik musikk. Det er eit innpass i ein genre som har sitt å melde. Både tekstmessig og musikalsk. Det er slike produksjonar som får ein til å opne sine musikalske auge, og me skjønar godt at plata har fått god mottaking.
Nytt og ukjent, ok. Men tøft og vellaga. Det liker me.
Alf-Einar Kvalavåg