Henning aarekol fekk god kontakt med dei mange frammøtte i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Henning Aarekol er klar for spaltene i Tysvær Bygdeblad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Storsuksess for Aarekol

Ikkje uventa var det god kjemi mellom Henning Aarekol på scenen, og publikum. Men at det skulle komme nesten 300, var uventa for både hovudpersonen og dei frammøtte.

Då vikedølen gjekk på scenen hadde 288 løyst billett, og vist at det å få høyre om «Koffor sitte inne når alt håp er ute?» heilt klart var noko å få med seg. Og etter ein drøy time med god tovegskommunikasjon, artige eigenopplevde historiar, og ein del alvorsprat, var det mange nøgde som la i veg heimover.
– Han var utruleg bra. Håper det blir meir slik, forklarte ein gjeng smilande og litt lattermilde damer. Det same meinte kulturhusleiaren, som fekk ein god kveld på jobben.
– Heilt einig. Dette var utruleg spanande og eg må få støtte utsegnet om at det var svært bra. Han hadde ein heilt unik kontakt med dei som var i salen. Han var utruleg dyktig til å legge inn eigne erfaringar i det han snakka om. Kommunikasjonen var der heile vegen og eg trur mange fekk ei flott oppleving, seier Øystein Simonsen.
Hovudpersonen sjølv var også godt nøgd.

Det var eit forrykande publikum

– Det var eit forrykande publikum, som verkeleg svarte til forventningene mine. Eg storkoste meg, og det er stor sannsynligheit for at dette blir satt opp igjen, seier Aarekol
Han var også imponert over frammøte og svarer i en melding på sin lune og fine måte slik:
«Det var øve all forventning! Eg hadde noen bekjente som meinte eg måtte sette det opp for dei ville hørra det:) så eg tenkte at det kanskje kom 50 stk;) når det blei flytta te storsalen blei eg livredd, ka om eg berre selge 20 billettar te, då blir det glissent! Så eg måtte ta ein telefon te Dora, som har showet «det var ikke sånn det skulle bli» for å hørra ka hu syns! – Kjør på, det blir utsolgt! Norgesturnee neste»
Meir
Og det blir meir. Frank Abelseth kjem til Tysværtunet med «Det går eit rykte…».
– Eit levande foredrag for enkeltpersonar, par, bedrifter, grupper og andre Sterke og tydlige merkevarer sigrar i framtida. Den enkelte av oss er ein del av dette. Dette foredraget skal gjera den enkelte tryggare på seg sjølv, sin identitet, merkevare – og korleis ein byggjer «ei merkevare», skriv han i ei pressemelding.
– Det er den 20. oktober, og eg meiner det er svært intressant om slike foredrag slår ann i Tysvær. Gjer det på ny det, må me ham meir, lovar kulturhussjefen.