Banens to beste i aksjon. Erik Frøyland og Geir Espevik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Banens to beste i aksjon. Erik Frøyland og Geir Espevik. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tamt, då Stegaberg slo Falkeid

Det blei inga festframsyning då Stegaberg og Falkeid braka saman på Frakkagjerd. Stegaberg stanga lenge mot eit hardt jobbande Falkeid, og avgjorde ikkje kampen før heilt mot slutten.

Det opna svært bra for heimelaget 2-0 etter ni minutt kom så lett at piffen forsvann ut av topplaget. Dei let gjestane springe seg inn i kampen.
– Var kjekt for meg å få skåre igjen etter mykje skader. Men me gjekk litt tomme for idear og spelte ein svak 1. omgang. Berre heilt mot slutten såg me ut som eit topplag, forklarar målskårar Jan Reidar Tjøsvoll.

Var kjekt for meg å få skåre igjen etter mykje skader

Det var noko tamt og uryddig over kampen. Det seier vel sitt når diskusjon rundt eit innkast, var 1. omgangs meist «hotte» hending.
Espen Sørenes styrte inn eit frispark rett før pause og det gjorde at det faktisk var liv i kampen heilt til klokka passerte 80 minuttar. Då dukka to måljegarar opp og pynta på resultatet. Vemund Eskevik og Dag Frode Tønnesen sørga for eit «fint» resultat for heimelaget i ein dårleg kamp.
– Dette var skuffande for meg som trenar. Me fungerte ikkje og det var rett og slett dårleg. Me vinn, men gjer ikkje det me skal. Kanskje den dårligaste kampen i år, seier Thormod Ness, glad for poeng, men ikkje av innsatsen.

Får ikkje mål
Johannes Teistedal Vikre er eit av dei nye fjesa på Falkeid i år. Etter to lange år med skadar er han nå tilbake for fullt.
– Me fekk ikkje mål, det gjorde dei. Me sparng og kjempa og var minst like god mellom dei to 16-metrane. Men det er ikkje der kampar blir avgjort. Difor blei det tap, sukkar den kjappe kantspelaren.
I ein jamn kamp med lite fint spel var Geir Espeevik best hos gjestane, medan Erik Frøyland var heimelaget beste, så lenge kreftane og humøret var på plass.

Meir om kampen i papiravisa neste veke.

Stegaberg – Falkeid

Stegaberg 4 (2)
Falkeid 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Jan Reidar Tjøsvoll (6)
2-0 Erik Frøyland (9)
2-1 Espen Sørenes (37)
3-1 Vemund Eskevik (81)
4-1 Dag Frode Tønnesen (84)
Dommar: Zia Kazemi, Djerv 1919
Tilskodarar: 80