Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Sølvi Heimestøl, Janett Lillås Mathiassen, Monica Brekke Førland og Anita Weltzien Dalaker håper at foreldregruppa kan hjelpe foreldre i kvardagen.

Ein sånn nabo alle skulle hatt

Naboen har for lengst etablert seg i Tysvær og funne ut at det å låne ut ting er god butikk.
Så god butikk at ein snart treng fleire folk.

Dagleg leiar Jan Helgeland er akkurat som den naboen alle med hage og hus drøymer om. Han som har alt mulig verktøy og utstyr liggande i garasjen. Han er i tillegg ein ja-mann som villig låner ut alt du treng. Men til forskjell frå ein del andre naboar er han litt meir nøye på at du betaler litt for det, og ikkje minst leverer det tilbake.
– Det er det som er ideen bak det heile. At me skal vere ein slik nabo. Ein som det går ann å låne hos. Då Olav og Nina Aasland starta opp heime i garasjen i Stavanger for snart 20 år sidan, var det med babystolar og andre gjenstandar, som folk hadde trong for i ein kort periode. Så har det utvikla seg steg for steg. Vekk frå barnestolar og opp til det som i dag er alt muleg verktøy og maskinar. Garasjen er blitt til fem avdelingar sprett rundt på Vestlandet, seier Helgeland.

Ein som det går ann å låne hos

Alt muleg
Avdelinga i Aksdal Næringspark har ikkje tenkt å gjømme vekk alt dei har liggande på lager. I det ein kjem inn døra lyser det mot deg frå ein kvit vegg; Me skal bli Noregs beste nabo.
– Me har to idear om korleis dette skal vere ein suksess. Me har inne utstyr som me trur folk treng. I tillegg tar me inn utstyr som me fangar opp at folk spør etter og treng. Det betyr at me har alt muleg frå små drillar til rimeleg svære gravemaskinar til utlån. Mykje av det me tilbyr er utstyr som gjer jobben mykje enklare for folk. Samstundes er det utstyr dei neppe treng å ha liggande. For kor mange gonger skal ein slipe eit golv, grave ei grøft eller kle heile huset med eit stillas?, spør Helgeland og tar oss med på ein rundtur.

Korleis det gjekk kan du lese i papirutgåva eller kjøpe som e-avis her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/