Det var feststemning og mykje å juble for då Nedstrand rykka opp for to år sidan. Men mangel på spelerar gjer at festen nå er over. 
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Det var feststemning og mykje å juble for då Nedstrand rykka opp for to år sidan. Men mangel på spelerar gjer at festen nå er over.

NIL-eventyret er over – for denne gong

Det starta som ein fest med mykje folk og stor stemning. Kampane på «Theater of Farmers» blei vida kjent. Nedstrand sette farge på fotballkartet. Nå har dei gått i svart.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Problema til a-laget på Nedstrand starta allereie i fjor haust. Lite folk på trening og kamp bekymra trenarane. Dei spurte om det var folk nok til ein sesong til i 6. divisjon. Svaret dei fekk var eit ja, eit svar som i løpet av sesongen har vist skulle ha vore nei.
– Me var kanskje rundt 17 spelarar i troppen, og då visste eg vel innerst inne at fleire av dei skulle vekk på skule og slikt etter ferien. I tillegg var det fleire på laget som jobba skift, og som ikkje like lett som før kunne komme seg av garde til trening og kamp. Då me tok ferie gjekk eg ein runde med spelerane. Dei aller fleste var som meg einig i at nå var det nok. Dermed er ei fantastisk reise over, sjølv om eg må få seie det er forferdeleg trist å måtte gi seg, seier trenar Leiv B. Askvig.

Tungt
Stemninga rundt a-laget i bygda har vore stor, og interessa for lokalfotballen har vakse. Mange har funne seg til rette på kampane og treft på naboar og andre. Stemninga sto i taket då laget rykka opp i 6. divisjon etter ein sterk sesong i 2017.
Men så ble talet på spelarar færre, og motstandarane betre.
– Det har vore tungt. Me har spelt jamt mot dei fleste, men har ikkje hatt nok folk til å fylle på mot slutten av kampane. I tillegg har me stadig måtte rokere internt i laget. Men det er ikkje resultata som gjer at me gir oss, det er eine og aleine på grunn av for få spelerar, seier Askvig.

Rekruttar
Og han må sjå langt etter påfyll i eigne rekkjer. Næraste rekruttlag har spelerar på 13 og 14 år.
– Det betyr nok at me får ein periode utan a-lag i bygda. Det er trist, men slik har det også vore før. Tippar at omlag 80 prosent av dei som spelte i år nå gir deg. Resten håper eg finn seg andre klubbar å spele for. Eit par har allereie klart å ordne seg, seier trenaren.
– Kva tenkjer du om rekrutteringa?
– Den er der, men dei er framleis unge. Nå må me jobbe godt med dei og sørgje for ar NIL er tilbake på a-lagsnivå om eit par år. Entusiasmen som har vore i, og rundt laget, bør vere motivasjon nok.

Fans
Nedstrand har klart å skape eit tribunemiljø andre klubbar på dette nivået berre kan misunne. Songar og heiarop har følgt laget både heime og borte.
– For dei er det nok ekstra trist. Me må få takke for denne støtta alle desse har gitt oss. Og me tanke på resultata dei siste åra, har dei vore fantastiske for oss. Når eg snakkar med folk frå dei andre laga i 6. divisjon er det fleire som har sagt at dei ikkje vil rykke opp, for då mistar dei kampen mot oss på Nedstrand. Det har vore utruleg mange gode minner på denne korte tida, seier Askvig, som har vore trenar dei siste fire åra.

Tida
Askvig har hatt god tid til å tenkje på kva det er som gjer at a-lag må trekkje seg?
– Nå trakk Skjold sitt 2-er-lag før seriestart og me trekk oss nå. Torvastad måtte trekkje seg i fjor, og me ser fleire lag som slit. Eg trur at folk ikkje har så god tid lengre. Det er så mykje som slit og drar i dei som er potensielle for eit lag på dette nivået. Me har det kjekt og det er mange som skryt, men det er ikkje nok. Det er også blitt vanskelegare på jobb. «Sjefane» har kanskje ikkje den tilknytinga til laga som dei hadde før, då spelerane kunne få fri for å spele for klubben i bygda. Skiftarbeid, og jobbar i Nordsjøen gjer det også vanskeleg. I tillegg er det slik at når ein har spelerar frå 16 til 25 år på laget, så må ein nesten forvente at dei vil reise vekk på skule, og at dei vil stifte familien. Og i 6. divisjon, så stiller ein seg langt bak i køen ved slike val, seier Aksvig.
Viking og England
– Korleis er det for ein trenar å måtte gi opp på denne måten?
– Det er trist og tungt. Tungt for eg veit dette betyr så mykje for så mange. Fotball er ein døropnar. Vêret og fotballen får i gong praten. Slik har det alltid vore. Eg er ein som reis på alle Viking sine heimekampar og tar turen til England eit par gonger i året. Fotballfolket er ein stor familie. Difor er det trist at me nå på mange måtar melder oss ut av denne familien. Men utan spelerar går det ikkje. Det håper eg alle skjøner, avsluttar Leiv B. Askvig.