Av Mona Terjesen
Regjeringa har store ambisjonar på vegne av sjømat-næringa. Eksporten av fisk og sjømat er meir enn dobla dei siste ti åra, og forskarar meiner at verdiane frå sjømat-næringa kan mangedoblast over dei neste tiåra. Dei gode tidene merkar dei også godt i Yrkje.
Hyserekord
60-70 kilo ferdigsløya hyse var for god fangst å rekne før denne vinteren. I helga drog fiskar Odd Eivind Hersdal opp rekordstore mengder av den viktige matfisken. Heile 310 kilo viste vekta etter at hysa var sløyd.
– Dei seier at det ikkje har vore så bra sidan tidleg på 80-talet. Denne vinteren er generelt sett veldig bra. Dei siste åra har det vore god fangst i Yrkjefjorden, men denne vinteren er enda betre, fortel Odd Eivind då me besøker han i båten hans måndag morgon.
Les meir om fiske i fjorden i papiravisa