Kvinnedagen er også dagen då norske aviser får stadfesta kor mange som vil ha produktet deiras. Totalt sett går opplaga ned med 2,5 prosent i fjor.
– Det er ein hard kamp om kundane og me gjer alt som står i vår makt for at våre leserar skal glede seg til kvar einaste torsdag. I tillegg gir me eit oppdatert tilbod på nett. Me ser også at fleire nå vil ha avisa også elektronisk og har gode løysingar også for mobil. Det me veit er at folk vil ha kvalitet, lokalt stoff, sport, kultur, politikk og alt det andre som skjer rundt døra deiras. Det er det vår jobb å tilfredstille, kvar einaste dag, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg i ein kommentar til opplagstala.
Når Tysvær Bygdeblad for godkjent 2213 som opplagstal er det basert på ein utrekning gjort av opplagskontrollen.
Nedgang rundt oss
Andre lokalaviser har styggare minustal på bordet enn det me har. Unnataket er Grannar i Vindafjord og Etne som har ein fin liten auke på sju.
Her er tal fra naboane våre:
Haugesunds Avis 20 676 (-2121)
Grannar 3 582 (+7)
Ryfylke 2 538 (-26)
Suldalsposten 2 347 (- 45)
Tysvær Bygdeblad 2 213 (- 2)
Vestavind 1 587 (- 75)