Hunden Honey har vore sakna siden søndag.
Hunden Honey har vore sakna siden søndag. FOTO: Privat

Dyrebeskyttelsen er bekymra for Honey

Den 15 månader gamle hunden Honey har vore sakna sidan søndag. Nå er Dyrebeskyttelsen bekymra for at ho kan bli nedkjølt og mangle tilgang på vatn. Samtidig er det gjort nye observasjonar.

Den 15 månader gamle hunden Honey har vore sakna sidan søndag. Nå er ho observert i området Kallevik–Sør-Ådnafjellet, og eigarane ber folk om å unngå å ferdast mye der.

Hilde og Kjetil Haraldseid Kristiansen på Rundhaug har leita etter hunden Honey sidan ho forsvann søndag formiddag.

Onsdag kom det nye observasjonar av hunden i området Kallevik–Sør/Ådnafjellet.

I ei oppdatering torsdag formiddag fortel familien at dei nå arbeider med å legge ut kjende lukter i området, i håp om å lokke Honey tilbake.

– Me set stor pris på engasjementet og at folk ønskjer å hjelpe i leitearbeidet, seier dei.

Samtidig ber dei folk om å unngå å ferdast for mykje i området der hunden sist blei sett.

Bekymra for Honey

Dyrebeskyttelsen Norge Haugaland skal etter planen bidra med ein dronefotograf og termisk drone i løpet av torsdagen.

– Me er bekymra for at Honey kan bli nedkjølt, og om ho har tilgang på vatn, seier dagleg leiar Elisabeth Ellingsen i Dyrebeskyttelsen Norge Haugaland til Tysvær Bygdeblad.

Honey kom til familien på Rundhaug berre nokre dagar før ho forsvann. Ho er på lån frå ein oppdrettar og er ikkje kjend i området. Hunden er dessutan svært sky og lite vant til trafikk og mange menneske.

Familien understrekar derfor at folk ikkje må rope på henne eller prøve å nærme seg dersom dei ser henne. Det kan føre til at ho blir skremd og spring vidare.

Ser du Honey, eller høyrer du noko som kan vere henne, ber familien om at du ringer 992 67 946 eller 412 40 038.