Sindre Gelius Eikje hadde eit par gode førsk på 2.08, men måtte nøye seg med 2,05 og bronsemedalje i Haugesund. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sindre Gelius Eikje hoppet til en bronse i NM innendørs. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NM-bronse til Gelius Eikje

Sindre Gelius Eikje frå HIL fekk med seg ei bronsemedalje ettter høgdehoppkonkurransen under NM i Haugesund. – Eg er glad for at det blei medalje, men eg var svært nær at det blei sølv. Nå skal eg berre nyte resten av helga, sa ein svært nøgd tysværbu.

Ivan Kristoffer Nilsen frå BUL vann med 2,08 utan å imponere. Han hadde eit par forsøk på 2,16 utan å lukkast
Henrik JF Holmberg frå Vik IL kom seg over 2,05 i andre forsøk og sikra seg med det sølv. Gelius Eikje måtte nemleg ha eit forsøk til for å gå over 2,05 og med tre forsøk hamna han på plassen bak sogningen.
– Det var dagens hopp frå mi side og då satt det meste. Men det blei med det, og dermed bronsemedalje. Det har vore ein hektisk dag og ei hektisk veke på heimebane. Difor skal eg vere nøgd med bronsen, seier Gelius Eikje.
Litt uflaks, litt udyktighet, men eit par strålande hopp blei fasiten for Sindre Gelius Eikje.

Mykje meir om bronsemdaljen i papiravisa neste veke.