Stor glede i TG Bygg:  Kontor og Miljøfyrtårn ansvarleg Elisabeth Møksvold og dagleg leiar Thomas Gausvik saman med ordførar Monika Lindanger med det synlege beviset på at TG Bygg er eit Miljøfyrtårn. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stor glede i TG Bygg: Kontor og Miljøfyrtårn ansvarleg Elisabeth Møksvold og dagleg leiar Thomas Gausvik saman med ordførar Monika Lindanger med det synlege beviset på at TG Bygg er eit Miljøfyrtårn. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Den skal rett på veggen

Å bli utnemnt til Miljøfyrtårn er meir enn berre eit skilt å ha på veggen. Mykje meir, meiner dei på TG Bygg.

– Eg vil på vegne av kommunen gratulerer TG Bygg AS som miljøfyrtårn, og håper at dette både er ein motivasjon og inspirasjon til å jobbe med dei miljøkrava som er i byggebransjen. Eg høyrer det blir sagt at de er dei første i denne bransjen i Tysvær som får ei slik sertifisering, og det skal de vere stolte av. For kommunen er det svært viktig at ein har slike fyrtårn, som viser at me tar miljø og sikkerheit på alvor, seier ordførar Monika Lindanger, som besøkte bedrifta saman med Marlin Øvregård Løvås, fagansvarleg plan og miljø i Tysvær kommune.
For dei tilsette, som har kursa seg, registrert og jobba med Miljøfyrtårn-prosjektet i snart eitt år, så var det ei høgtidsstund i dei nye lokala på Frakkagjerd då ordføraren kom innom.
– Heilt ærleg så blei me litt overraska over kor omfattande det var, men etter kvart så fann me også fleire ting som direkte passar til det me driv med. I byggebransjen er det strenge krav til anbod og til å resirkulere og sortere avfall. Miljø skal ha prioritet. Mellom anna har me investert i el-bilar, og berre der ser me ein gevinst. 100 prosent elektriske blir me nok ikkje, men me har sett eksemplar på korleis me kan drive smartare, seier Thomas Gausvik, som er dagleg leiar.

Eg kjenner eg blir glad når eg høyrer at slike utmerkingar gjer at ein blir meir bevisste

Viktig
Etter at skiltet var overrekt og talane var over så blei det ein god prat om det å vere bevisst på miljø, og kva ei slik utmerking kan bety i kvardagen.
– Me ser stadig oftare, spesielt i offentlege anbod, at ein spør etter miljøkompetanse. Å vere eit Miljøfyrtårn kan faktisk gi oss arbeid, eller i alle fall moglegheita til å legge inn anbod me elles ikkje er kvalifiserte til. I tillegg så ser me at det er tenking i dette systemet som alle kan ha godt av å bli minna på. Ikkje alt er tilpassa byggebransjen, men som sagt fann me fleire punkt som vekka oss litt. Me anbefaler sjølvsagt andre verksemder som oss å starte opp. Me fekk hjelp av Mesterhus, og det er vel slik for dei fleste at dei har eit selskap i ryggen som kan hjelpe til, seier Gausvik.
Verksemda har i dag 20 tilsette og er inne i sitt 16. år. Nybygg og restaurering er hovudgeskjeften, men som ein del hugsar frå ein reportasje i vårt Bygg & Bu-nummer for ei tid tilbake, så har dei også fått fleire bein å stå på, mellom anna med etterisolering.
– Eg kjenner eg blir glad når eg høyrer at slike utmerkingar gjer at ein blir meir bevisste. At dei allereie har gjort grep og verkar framoverlent i det dei driv med. Eg vil tru det er fleire som kan ha nytte av å vere Miljøfyrtårn, både når ein tenker på å vere bevisst, og ikkje minst økonomisk, seier ordførar Lindanger.

Administrasjonen i TG Bygg er dagleg leiar Thomas Gausvik, byggeleiar Leif Harald Strand, salsleiar Elisabeth Berge, kontor og Miljøfyrtårn-ansvarleg Elisabeth Møksvold . I tillegg var Espen Velde frå Briso AS til stades under seremonien.


14
– I dag er det 14 Miljøfyrtårn i Tysvær. To verksemder er på oppløpssida, så me nærmar oss sakte men sikkert 20 totalt, seier Øvregård Løvås.
– Å, det er ikkje fleire? Då er det jo ekstra stas at me har fullført. Når det gjeld økonomi så vil eg berre komme med eit lite eksempel. Å blande avfall til levering på bossplassen kostar utruleg mykje. Berre ved å sortere avfallet gir ein stor økonomisk gevinst eg trur fleire kunne fått, seier Thomas Gausvik med eit stort smil.