Trenar Christophe Galtier og president Jean-Michel Aulas har tatt godt i mot Alexander Søderlund.
Foto: Tore Pedersen
Trenar Christophe Galtier og president Jean-Michel Aulas har tatt godt i mot Alexander Søderlund.

På plass i Saint-Etienne

Alexander Søderlund er på plass i Saint- Etienne. Nummer 23 håper på speletid allereie på sundag mot Nantes.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Etter ein lang periode med både russisk og kinesisk interesse rundt tysværbuen, blei det til slutt den franske toppklubben, som måndag fekk Søderlund sin signatur. I tre og eit halvtår skal han først kjempe om ein plass på laget, så jakte på skåringar.
– Det var ein periode med litt mykje mas, men slik er det. Det gjekk fint, og eg må innrømme at det er litt spanande også når det står på. Nå har eg hatt mine første treningar, og dei gjekk bra. Eg har litt å gå på, men det ordnar seg nok. Sundag er det kamp mot Nantes, seier toppskåraren, som gjekk frå Rosenborg.

Hotell
Klubben har tatt godt imot Søderlund, som nå skal på jakt etter leilegheit i den franske byen.
– Akkurat nå bur eg på hotell, men eg vil komme meg inn i ei leilegheit så raskt som muleg. Eg har fått eit godt inntrykk av klubben. Dei er svært imøtekommande og vil at eg skal trivast, seier han.
– Kva veit du eigentleg om fransk fotball?
– Eg har vel ikkje følgt så utrolig mykje med på fransk fotball, men veit jo at det er ein av dei beste ligaene i verda. Det blir tøft, men eg har tru på at eg skal klare meg fint.
– Korleis var det å reise frå RBK og Trondheim?
– Eg har hatt ei fantastisk tid i Trondheim. Både på, og utanfor banen. RBK er ein utruleg bra klubb, så eg følte det var vanskeleg å dra. Men dette er ei muligheit eg ikkje kan la gå frå meg.

Så det beste er å fly dit, så kjem eg og plukkar dei opp

Taxi
Søderlund har etter kvart fått seg mange supporterar. Og i kjent «Søder-stil» er han ikkje redd for å by på seg sjølv.
– Korleis kjem ein seg på kamp i Saint-Etienne ?
– Flyplassen i Lyon ligg ein time frå Saint-Etienne. Så det beste er å fly dit, så kjem eg og plukkar dei opp.
– Og då blir det servert fransk mat?
– Eg er glad i mat, så dette blir ei flott oppleving slik sett. Distriktet her er kjent for god vin og fantastisk mat.
Alexander Søderlund er allereie lagt til i klubben sin stall på heimesida. Både manager og direktør var med på kontraktsigneringa. Å hente Søderlund kosta dei om lag 15 millionar kroner.