– Dette har eg godt av, så takk til gjengen her for at eg fekk være med, seier Sigmund Lier, sveitt, og heilt klar for ein dusj før eit nytt langt møte. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Dette har eg godt av, så takk til gjengen her for at eg fekk være med, seier Sigmund Lier, sveitt, og heilt klar for ein dusj før eit nytt langt møte. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eit sporty friminutt

Ordførar Sigmund Lier har hatt det travelt dei siste vekene. Tysdag fekk han løyst litt opp då han blei utfordra til å vere med på Enkeljympa.

Treningstilbodet frå Friskis & Svettis er i utgangspunktet tilpassa funksjonshemma av alle slag. Det er god gamaldags sirkeltrening på golvet til heftige rytmar. Saman med omlag 30 andre fekk Lier verkeleg prøvd seg.
– Det er eit heilt fantastisk tilbod Friskis & Svettis gir både til denne gruppa, men også til alle andre som vil trene i Tysvær. Dei er eit seriøst alternativ til dei meir tradisjonelle idrettslaga me har i kommunen. I dag har det vore møter heile dagen, og etterpå er det på an igjen. Så for meg er dette rett og slett ein frisk pause, i ein lang dag med stillesitting, seier ordføraren.

Les meir og sjå bilete frå treninga i papiravisa.