Astrid Eide fekk god hjelp av Harald Stakkestad (t.v.) og Einar Færaas (t.h.) då ho opna det nye Førrekrysset 24. september. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Astrid Eide i det nye Førrekrysset. Nå er det andre prosjekt som er satt i gang Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Leikne tenorar

Leikent, stilreint og sjølvsagt samstemt. Tja, kvifor ikkje leike seg litt i studio.

For det er akkurat det «Dei nye tenorane» har vore i Kleiva Studio i Halden og gjort. Aasmund Kaldestad har skrive songen medan Per Olav Kaldestad har latt seg inspirere til tekst etter «The Blossom» av William Blake.

Singelen «Blomen» som dei slepp i morgon er så langt ein kan komme frå juletenorane som muleg. Det er ei salig blanding av bluegras, folkemusikk, vise og allsong. Ein heftig banjo driv vokalen til dei tre med seg og det er absolutt høyrbart. Rett så muntert til tider.

Sjølv seier trioen at dei ønskjer å leike seg litt og at «Blomen» er ein del av sommarkonsert konseptet. Dei skal ut på turné og då er garantert dette noko å ha med seg i sekken.

Me vågar likevel å tru at dei samstundes også leitar etter eit anna lydbilete enn julekonsertkonseptet dei har blitt kjende for. Me høyrte ein tendens på julekonserten med «Min kjære gut» og me ser linken i «Blomen». Når ein har slike fantastiske stemmer gjeld det likevel å finne det rette materiale å gå vidare med. At ein har komponistar i sine eigne rekkjer er sjølvsagt eit pluss. Men det krev av og til litt meir enn fleistemt song og ein banjo for å lage ein hit. Det kan bli radiospeling av «Blomen» og ein skal applaudere at dei vågar å utfordre seg sjølv om sitt publikum.

Me skrudde opp volumet og fann fort takten. Ikkje verst levert av til vanleg stivpynta karar med smoking som sitt varemerke.

Faktaboks

Bilde 8

«Blomen»

Singel (Aa. Kaldestad/ P.O. Kaldestad)

Dei nye Tenorane

Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan

Produsent: Freddy Holm