Stadig færre utan arbeid

90 tysværbuar gjekk inn i påsken heilt utan arbeid. Det er heile 38 prosent færre enn på same tid i fjor.

I Nord Rogaland fortset den positive trenden ein har sett dei siste månadene. I dei fleste kommunane vert delen heilt ledige stadig lågare. Til dømes er det dei siste 12 månadane ein nedgang i arbeidsløysa i Haugesund på 16 prosent, Vindafjord 27 prosent og i Tysvær er reduksjonen på heile 38 prosent.

I Rogaland har framleis Haugesund og Karmøy den høgaste arbeidsløysa med høvesvis 3,1 prosent og 2,4 prosent av arbeidsstyrken.

– Likevel er det svært gledeleg at dei fleste kommunane i Nord Rogaland kan vise til ein markert reduksjon i arbeidsløysa, samstundes som talet med ledige stillingar er på eit høgt nivå. Dette viser at arbeidsmarknaden i Nord Rogaland stadig vert meir attraktiv, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.

Tala for Tysvær er 90 utan arbeid, noko som er 1,7 prosent av arbeidsstyrken. Det er 30 færre enn i fjor.