Vinnarar Eikås 
Lars Reidar Frøyland ( t.v.) Frode Leirhol og Steinar Stokke gjekk til topps i dei tre rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter  i går. 
Foto: Sivert Ole Holten
Vinnarar Eikås

Frøyland starta med siger

Steinar Stokke, Frode Leirhol og Lars Reidar Frøyland vann rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet i rallycross laurdag.

Av Sivert Ole Holten

Lars Reidar Frøyland frå NMK Vikedal stilte i ein nyinnkjøpt Volvo S40 til opningsrunden i Vestlandsmesterskapet. Han vann til slutt klassen Free For All.
-Veldig godt nøgd med dette. Har nok meir å hente, spesielt i startane, så med litt meir jobbing med bilen og meg sjølv kan nok dette berre bli betre.

Veldig godt nøgd med dette

Alle tre gav ros til arrangøren NMK Bergen for eit vel gjennomført stemne. I tillegg til rallycrossklassane vart det også køyrd bilcross på Eikås og totalt var det rundt 100 deltakarar.
-Med dette tidlege løpet, etter ein tøff vinter og med så mange deltakarar, må me berre takke for eit vel gjennomført arrangement og gi ros til NMK Bergen, var dei tre vinnarane einige om.