Kven blir høyrt?

Denne veka fekk me utdelt eit dokument som heiter: Prosjekt: «Analyse av kostnader med sikte på effektiv drift innanfor helse og omsorg.» Det er på 102 sider og vil for nokre vere eit sjokk, for andre ei utfordring.

For nå kjem både tala og dei økonomiske utfordringane frå 2013-2018 innanfor helse og omsorg fram svart på kvitt.

Det er gigantutfordringar for lokalpolitikarane i Tysvær. Sjølv om fleire me har snakka med er rett så optimistiske på at dei skal finne gode løysingar, er dette økonomipolitisk maraton i motbakke. Ein skal på den eine sida forsvare eit godt tilbod til ei stor utsett gruppe innbyggarar og på den andre sida forsvare kommunale utgifter og skape ei betre botnlinje i rekneskapen.

Det ein kan slå fast nå når denne rapporten skal ut på høyring er at her må alle med. Frå assistenten på golvet til ordførar og rådmann. Her må dei politiske partia snakke same språk uansett kor mykje det svir eller kva som blei sagt over ein kopp kaffi på stand framfor valet sist. Om ein meiner alvor og skal kutte 27 millionar i denne perioden så vil det svi på ein eller annan måte.

Det er på ingen måte ein svakheit eller eit dårleg teikn at ein nå startar denne prosessen. I mine auge heller tvert om. Ein har tatt konsekvensane av ein gullalder med store eigedomsskatteinntekter der ein har investert i eit tilbod som ein nå ser kostar for mykje. I alle fall om ein skal vere føre var med dei meir usikre skatteutsiktene som ein kan skimte i horisonten. Eg meiner det er politisk og administrativt vakse gjort å sette ned foten og seie at nå må me redde i land det gode og breie helse- og omsorgstilbodet medan me ennå har kontroll over det.

Så får dei som skal komme med innspel til rapporten justere og sjå om dette kan gjerast på fleire måtar. Det er lova mykje politisk i Tysvær dei siste åra og nå får me sjå kven som er dyktige nok til å innfri desse lovnadane i den vidare prosessen.

Det er spesielt tre tema som har vore nemnt så langt, før prosessen tar til, Hamrane 2, arbeidsplassar og Nedstrandtunet.

I saka vår om rapporten på side 3 kan ein sjå at administrasjonen lovar ein arbeidsplassgaranti og ei vidare satsing i Nedstrand. Det trur eg kan skape arbeidsro.

Når det gjeld Hamrane 2 er det nok berre å slå fast med ein gong at den kjem aldri i den forma som tidlegare presentert. Det er heilt uaktuelt og økonomisk uforsvarleg. Her har politikarane og administrasjonen ein stor jobb å gjere. Dei må finne ei alternativ løysing, ei løysing som både dei, brukarane og dei føresette kan akseptere. Då må ein halde saka varm, vere engasjert og «på dei som styrer». For om ein kallar det omlegging, strukturendring eller justeringar av tilbod, så vil dei fleste av oss andre kalle det for kutt. Det merkast alltid.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør