Frode Hundsnes (t.h.) var svært nær ved å skåre mot Thormod Ness og Stegaberg. Men det endte med 0-0. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Frode Hundsnes (t.h.) var svært nær ved å skåre mot Thormod Ness og Stegaberg. Men det endte med 0-0. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Falkeid nektar å tape for Stegaberg

Det var ein reell kamp om å vere Tysvær sitt nest beste lag. Men krig blei det aldri og 0-0 får vere greitt nok for begge.

Verken Thormod Ness eller Frode Hundsnes ville tape kampen på Troppene i kveld. Ness var nærast tap og Hundsnes nærast skåring.

– Dei var best, men me hadde sjansar til å avgjere det me også. I tillegg fekk me eit mål annullert. Det er eg ikkje sikker på var ei rett avgjersle av domaren. Det som er mest positivt med denne kampen er at me står heile kampen ut. Hadde dette vore for eit par veker sidan hadde me garantert tapt ein slik kamp. Nå kom me rundt på kantane, fekk fart i spelet var og var tidvis med. Men det var dei som hadde flest sjansar så all right, me vann eit poeng, seier Stegaberg-trenar Thormod Ness.

Må få mål

Frode Hundsnes måtte konstatere at ein sterk 2. omgang berre gav eit poeng mot naboane frå Frakkagjerd.

– Me skapte meir enn nok store målsjansar til å vinne kampen, men ballen må i mål. I 1. omgang blei me lokka litt med på deira spel. I 2. omgang var me gode og skapte mykje frå begge kantane våre. Men som sagt, ballen må i mål og det skjedde ikkje i dag, seier Falkeid-trenar Frode Hundsnes.

Stegaberg starta kampen best og hadde eit par halvsjansar framføre Øystein Odland i Falkeid-målet. Petter Lønning hadde den største, men fekk ikkje kontroll på ballen. Også trenar Ness hadde sin sjanse men headingen hans gjekk over mål.

I slutten av omgangen hadde heimelaget ein gedigen dobbeltsjanse, men Stegaberg-keeper Toralf Alvheim fekk redda både ein og to gonger frå kort hald.

Nektar å tape

I andre omgang blei det etter kvart meir og meir Falkeid. Jan Egil Kallekodt hadde fleire kjempesjansar, men hadde ikkje dagen framføre mål. Dermed rann det ut i sand for begge laga.

– Det blei ein litt annleis kamp enn vanleg. Det brukar å vere ein krig på midtbanen, men i dag gjekk begge laga rundt på kantane og skapte sine sjansar derfrå. Me nektar å tape for Stegaberg og det er bra, men denne skulle me vunne, sa Kjell Andreas Lindgren.

Sjølv om det blei delt ut eit par kort i kampen hadde domar Ole Boine frå Djerv 1919 full kontroll. Han kunne sendt både Stegaberg-spelar Ådne Nærheim (takling) og Sondre Voll (dytt) av banen, men valte å snakke med dei to og gi dei kvart sitt gule kort. Eit døme på sunn fornuft i ein spanande, sjanserik og iskald fotballkamp.

Faktaboks

Falkeid 0 (0)

Stegaberg 0 (0)

5. div., avd. 3

Troppene kunstgras

Gult kort: Jan Egil Kallekodt og Sondre Voll, FIL

Ruben Kleiven og Ådne Nærheim, SIL

Domar Ole Boine, Djerv 1919

Tilskoderar: 40