Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.

Folkefest for kraftsenter

Eit par hundre frammøtte både feira og takka for at ein nå kan opne kraftsenteret på Stemnestaden.

Til allsong og flotte takketalar kunne ein endeleg låse opp dørene til det nye bygget som nå står klart til å samle mellom anna tenestene til Normisjon. Det var Aud Hoftun som fekk æra av å opne dørene for første gong, etter at fylkesleiar Odd Terje Høie hadde tatt imot nøklane frå byggeleiar Birger Eike.

I ei av helsingane før ein fekk sleppe inn blei det sagt at kraftsenteret skal vere ein stad kor mange glør skal vakne til liv og bli til ein sterk flamme i misjonsarbeidet. Skal ein tolke entusiasmen på opningsdagen, så blir det nettopp det.

– Dette er ein spesiell dag for mange. For nokre ein gamal draum, for andre ein ny arbeidsstad og for atter andre eit resultat av gåver dei har gitt. At det kjem fleire hundre 2. pinsedag viser at det er mange som bryr seg om oss, seier Gjermund Lygre og Kørner Høie.

Les meir i papirutgåva.