Pust inn, pust ut

Er du ein av dei som sitter i bilen på Raglamyr sånn cirka klokka kvart på fire om ettermiddagen og lurar på som har skjedd innover, sidan køen står stilt? Då er du ikkje aleine.

Dei fleste har nok skjønt det etterkvart. Det er vegarbeidet i Førre som skapar ringverknadar heilt til Opel-krysset og som gjer at heimturen tar nokre minuttar meir enn vanleg. Eller kanskje me skal seie som vanleg.

For slik vil det vere i lang tid framover. Når krysset i Førre står ferdig til hausten, vil ein starte opp med tunnelarbeid og kryss nummer to på oppsida. Og synst ein det er kø nå, er det lite i forhold til det som kjem i framtida, så mykje kan me garantere.

I tillegg til tunell og toplanskryssarbeid skal ein utbetre Frakkagjerdkrysset og om ikkje lenge (kan ein håpe) er ein også i gong med å sette opp midtdelar frå Haugesundgrensa til Aksdal.

Er du lei av å sitte i kø, då så må du nok ein gong ta eit skikkleg magadrag når ein startar opp i Aksdal. Blir det utbygging der, skal ein arbeide både med kryssløysingar og tomter tett på vegen på begge sider.

Men det er dette me vil ha og det er slike kryss som skal gjere trafikken gjennom Tysvær tryggare. Derfor må me berre trekkje pusten og blåse roleg ut. I staden for å irritere oss grenselaust så må me prøve å sjå kva sluttresultatet ein dag blir.

Likevel er det eit par tips me har fått som uroar. Det gjeld dei som ikkje har «tid» til å vente og som har laga seg sine eigne «snarvegar» på sykkelvegen, eller gjennom bustadområdar med dårleg kapasitet til å ta unna gjennomgangstrafikk, som ikkje er regulert.

Verst skal det vere parallelt med hovudvegen langs Aksdalsbrekka i retning Haugesund. På E 134 står køen om ettermiddagen frå Førre til Aksdal og då er det ein (god) del som svingar inn på gamlevegen og gir gass oppover «brekka», ein strekning som også er skilta som sykkel- og gangveg. etter at dei har kjørt gjennom bustadområdet på toppen vel dei enten å kjøre ut på hovudvegen igjen gjennom rundkjøringa på Frakkagjerd eller tar for seg heile Førresdalen og kjem ut enten på tunneltaket eller heilt nede i anleggsområdet i Førre.

Denne strekninga har fått ei markant trafikkauke etter at arbeidet i Førre tok til og ein treng ikkje stå lenge å vente før ein ser kvifor dei som bur der er bekymra. Folk har det travelt, det går fort og det kryr av ungar i dette bustadområdet.

Om det er lov eller ikkje, har lite å seie i denne samanhengen. Slik kjøring skapar unødvendig fare og er ikkje bra.

Nå må ein kanskje nytte seg av Førresdalen og Gamle Høievegen når tunnelen skal utbetras neste vinter, men då vil dette garantert bli i kontrollerte former. Fram til det må oppfrodringa vere; pust roleg ut og inn. Me treng ikkje ulykker mens me ventar på betre vegar i Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør