Det er mange firbeinte som er avhengige av slåtten hos familien Valen – også desse to flotte kaninane. Til venstre på bildet sitt yngstejenta Malene (3½), kona Svanhild, nesteldstedotter Elise (Stølsvik Valen) på snart 16 og bonden sjølv, Hans Petter.  Foto: Mona Terjesen
Det er mange firbeinte som er avhengige av slåtten hos familien Valen – også desse to flotte kaninane. Til venstre på bildet sitt yngstejenta Malene (3½), kona Svanhild, nesteldstedotter Elise (Stølsvik Valen) på snart 16 og bonden sjølv, Hans Petter.

Kostar bøndene dyrt

Fórmangelen har allereie kosta fulltidsbonde Hans Petter Valen dyrt. No fryktar han at han også må kvitte seg med dyr.

Av Mona Terjesen

På denne tida pleier bøndene for lengst å ha førsteslåtten unnagjort. Kvite siloballar pleier å ligge i rekker og dyra ha plenty mat. I år er alt annleis.

– Alt er utsett minst ein månad. Me ser ikkje føre oss å ta slåtten før i slutten av juni. Det er viktig å ikkje ta den for tidlig, seier Valen.

Me besøker han på garden på Sagbakken. Han er den einaste fulltidsbonden som er igjen i Førlandsområdet. Siste tida har han på grunn av helsa, måtta hyre inn avløysarhjelp. Men heilt sidan han var 10 år gammal har 47-åringen jobba på gard. I 1989 overtok han det 300 mål store gardsbruket på Sagbakken etter Osmund Høyvik. Ikkje nokosinne har Valen opplevd så kritisk slått som i år.

– Ikkje i nærheita ein gong. Eg snakka med Osmund, han hugsa eit liknande år for rundt 60 år sidan. Tela i vår gjorde at me ikkje fekk kjørt skit, det skal vere minst 15 centimeter tint. Ein frykta at det skulle renne av. Me måtte søke dispensasjon for å få kjørt litt, fortel Valen.

Les heile saka i papirutgåva