Are Søderlund skåra for Skjold mot Sauda. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Are Søderlund skåra for Skjold mot Sauda. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kva er det med Skjold og domarane

Skjold må kjøre den lange vegen heim frå Sauda med berre eit poeng etter 1-1. Nok ein gong meiner dei seg snytt for eit soleklårt straffespark.

Det er nesten ikkje til å tru, men nok ein gong ser domaren vekk når me skal ha eit soleklårt straffespark.
– Denne gongen skjer det på stillinga 1-1 i andreomgang kor me kjører kampen og jaktar på det målet som garantert ville punktert det heile. Men det er ikkje muleg å få straffe og dette var den femte me skulle hatt på seks kampar, sukkar trenar Håkon André Waage.
Berge Ohm og Sander Hettervik fekk sin debut på a-laget i kveld. Begge gjorde ein strålande jobb.
– Sander må ha vore ein av banens beste. Imponerande. Kjekt at dei greip sjansen når eg trengte folk.Me spelte ein god kamp, men me burde avgjort kampen. Are (Søderlund) var skikkeleg glad då han skåra. Dessverre blei gleda kortvarig for dei reduserte berre fem minuttar seinare, seier Waage på telefon frå Sauda.

Meir om kampen og spelarbørs i avisa på torsdag.

Faktaboks

Sauda 1 (1)
Skjold 1 (1)
4. div., avd 3.
Sauda stadion
0-1 Are Søderlund
1-1 Reidar Aabøe
Domar: Warren Wade, Djerv 1919