Også Stega-tap

Det har vore ei skral fotballveke. Stegaberg avslutta den med tap 2-3 for Torvastad.

Midtstoppar Ådne Nærheim oppsummerar kampen slik:
Me styrer det meste frå start til mål, men slipper dei til for lett og blir straffa for det.
Stegaberg tok leiinga ved Dag Frode Tønnesen. Så slo heimelaget tilbake og Jan Reidar Tjøsvoll sitt 2-3-mål var ikkje nok.
– Me har eit par feite sjansar på slutten av kampen som me burde satt, men ein god Torvastad-keeper hadde noken verdsklasse redningar, seier Nærheim.