Foto: Einar Gisle Sellevold/Kondis
Foto: Einar Gisle Sellevold/Kondis

Sigra i debutløpet

Thomas Finshus gjorde det igjen. Under toppløpet «Frå taren til toppen» på Borgøy i helga, vann han herreklassen.

Thomas Finshus frå Stegaberg IL kom inn på tida 10.42 og Mayna Novik, IF Klypetussen vann kvinneklassen på 13.03. Løpet byrja i Dammavika og gjekk opp til Borgøynuten.

Utfordrande

Søndag var det Borgøydag under Midtsommarfesten. Ordførar Harald Stakkestad opna først den nye kulturstien, så var det klart for innviing og toppløp. Det var Bygdelaget som inviterte til det utfordrande løpet som går frå taren i sjøkanten til toppen på nuten.

– Den nye kulturstien går frå Hettervik-tavla, gjennom skogen og ned til sjøkanten. Det er denne løypa folk skal springe opp, i tillegg til fjelltoppen. Eg vil nok seie at det blir meir riktig å kalle det eit kraftløp enn et trimløp, forklara Knut Olav Hettervik, styreleiar i Borgøy Bygdelag før løpet.

Fjellet er cirka 295 meter over havet og terrenget opp er krevjande.