Brannøving i Karmøytunnelen

Før T-forbindelsen opnar, må ei brannøving gjennomførast i Karmøytunnelen. Det skjer i morgon, tysdag 13. august.

– Vi tenner ein container med pallar og bildekk i tunnelen, seier byggeleiar Tor Kåre Austrheim i Statens vegvesen.

Brannøvinga er ein del av sikkerhetsgodkjenninga av T-forbindelsen.

Øvinga startar tysdag morgon på prosjektkontoret til T-forbindelsen i Kvaløygata i Haugesund. Cirka klokka 13:30 skal det setjast fyr i containeren i tunnelen.

– Dersom folk i nærleiken ser mykje røyk frå tunnelopningane i morgon, er det vi som gjennomfører ei kontrollert brannøving, avsluttar Tor Kåre Austrheim.